Rombeporfyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rombeporfyr

Rombeporfyr på Krokskogen.
KategoriMineral

Rombeporfyr er ein vulkansk bergart av lyse rombeforma feltspatkrystall i ein finkorna grunnmasse med gråleg, raud til fiolett farge. Bergarten er av latittisk samansetjing og svarar til djupbergarten larvikitt.

Rombeporfyr er vanleg i Oslofeltet. Lavamassane dekkjer store område, særleg på Krokskogen og i Vestfold, og dei einskilde lavastraumane blir karakteriserte ved skilnader i forma, storleiken og hyppigheita til feltspatkrystalla. Namnet vart innført av den tyske geologen Christian Leopold von Buch i 1810. Ein har seinare funne tilsvarande bergartar i Aust-Afrika og i Antarktis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]