Romeriksporten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′20.25″N 10°47′40″E / 59.9056250°N 10.79444°E / 59.9056250; 10.79444

Romeriksporten
Flytoget ved Etterstad, ved utgangen av Romeriksporten
Transportererjernbane - dobbeltspora
StadEtterstad
Stalsberg
KommuneOslo
Lillestrøm
FylkeOslo og Viken
Vedlikehalden avBaneNor
Lengd14 580 meter
Opna22. august 1999
Kart
Romeriksporten
59°54′20″N 10°47′40″E / 59.905625°N 10.794444°E / 59.905625; 10.794444

Romeriksporten er ein dobbeltspora, elektrifisert jernbanetunnel som går frå Etterstad i Oslo til Stalsberg ved Lillestrøm. Tunnelen er 14 580 meter lang med største tillatte fart på 210 km/t og vart opna i 1999. Tverrsnittet er 110 m2.[1]

Tunnelen er ein del av Gardermobanen som går frå Oslo Sentralstasjon til Eidsvoll stasjon via Oslo lufthamnGardermoen. Gjennom tunnelen går alle persontog med unnatak av lokaltoga som har Lillestrøm som endestasjon. Desse toga og godstoga nyttar Hovedbanen.

Tunnelen har fått namn etter området Romerike som startar ved tunnelopninga ved Lillestrøm. Denne tunnelopninga ligg like ved der Lille Strøm stasjon låg då Hovedbanen vart opna i 1854.

Tunnelen vart opna i 1999 eit år etter at Oslo lufthamn vart opna. Under drivinga av tunnelen vart det ein stor vasslekkasje som førte til at Nordre puttjern vart drenert for vatn. Det polymerbaserte tettingsmiddelet Rhoca-Gil vart brukt under utbygginga for å hindre inntrenging av vatn, men på grunn av feil bruk klarte ein ikkje å få full polymerisering av dei injiserte væskene. Dette førte til at Rhoca-Gil vart forbode nytta i Noreg i 1997.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Samferdselsdepartementet (1. september 1999), «NOU 1999: 28», 028005-020002 (på norsk), henta 11. august 2021 
Spire Denne jarnbaneartikkelen som har med Viken og Oslo å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.