Romfart
Romfart viser til menneske si bruk av teknologi for å utforske verdsrommet og himmellekamar i universet. Ein skil mellom bemanna romfart, og ubemanna romfart.
Bemanna romfart er romferder der menneska er mannskap om bord eit romfartøy. Slike mannskap kallar ein gjerne for romfararar. Den sovjetrussike kosmonauten Jurij Aleksejevitsj Gagarin vert rekna som det første mennesket til å reise rundt jorda.
Ubemanna romfart er romferder der ein sender opp romsondar eller andre kunstige satellittar utan behov for menneske om bord. Istaden er det elektronikken om bord som styrer. Ved hjelp av radiosamband kan ein ta imot data frå romfarkosten samtidig som ein kan gje nye kommandoar til datamaskiner om bord.
For at ei ferd skal kunne kallast ei romferd, har FAI definert ei grense på 100 km over jorda si overflate. USA nyttar og ei grense på 50 miles.
Former romfart [endre]
Ein kan skilje mellom ulike former romfart:
- ballistiske baner der sonden eller fartøyet etter oppskytinga fell tilbake til Jorda, utan at den går i kretsløp
- kretsløp der ein satellitt vert sendt i bane rundt Jorda eller et anna himmellekam
- interplanetarisk reise der romsonden reiser mellom himmellekamane i solsystemet
- interstellarisk reise der romsonden reiser mellom stjernene.
- intergalaktisk reise der romsonden reiser mellom galaksane.