Romfo kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romfo kyrkje
kyrkje
foto: Vidar Iversen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Indre Nordmøre
Stad Romfo i Sunndal
Arkitekt Ole Pedersen Tofte
Material tre
Innvigd 1821
Skip åttekanta
Kyrkjegard Det er kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 230
Kart
Romfo kyrkje
62°36′09″N 8°56′19″E / 62.6024°N 8.9386°E / 62.6024; 8.9386
Wikimedia Commons: Romfo kirke

Romfo kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1821 i Sunndal kommune, Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er bygd i tre og har 230 plassar.

Arkitekt var Ole Pedersen Tøfte (kalla «Tøftinj» og «Gammeltøftinj» - kykjebyggaren i Sunndal), ein smed, handverkar og bonde som òg stod bak bygginga av Ålvundeid kyrkje på Ålvundeid i Sunndal kommune[1]. Tofte sokna sjølv til Romfo kyrkje. Åttekantforma var då sjelden på Nordmøre.[2]

Byggverket er i tre og har 230 plasser. Kyrkja har preikestolalter der preikestolen heng rett over alteret. Grunnplanet er en likesida åttekant med små utvendige tilbygg mot aust (bak koret) og mot vest (inngang).[3] Tilbygget med sakristi er mykje nyere enn resten av bygget ifølgje Rasmussen.[4]

Kyrkja fra 1821 erstatta ei eldre kyrkje, truleg korsforma, på same sted. Tidlegare var kyrkjestaden på Muskjer (Musgjerd) litt lenger oppe. I 1713 vart Romfo ny kyrkjestad og nytt kyrkjebygg vart oppført (eller muligens flytta fra Musgjerd) på Romfo.[3]

Kyrkja inneheld eldre gjenstander, mellom anna ei altertavle frå 1713. Frå katolsk tid finst også ein Olavsfigur og eit krusifiks.[5] Olavsfiguren er av tre og fremstiller ein sitjande Heilag Olav. Krusifikset er del av ei kalvarigruppe (Jesus på krossen med Maria og Johannes på kvar side). Inventaret kan stamme frå kyrkja som sto på Musgjerd, eller frå den nedblåste og ikkje gjenreiste kyrkja på Leikvin (Løykja).[3]

Romfo kyrkje i 1934
Foto: Riksantikvaren

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. Om Ole Pedersen Tøfte på Kulturnett[daud lenkje]
  2. Flatvadbygdas bygdeorginaler Arkivert 2014-03-23 ved Archive.is Jarle Stavik, Nordmøre museum, publisert 8. april 2009, lese 23. mars 2014.
  3. 3,0 3,1 3,2 Gundhus, Grete og Merete Winness (2000): På sporet av en mangfoldig historie. Kalvariegruppen i Romfo kirke, Sunndal kommune i Møre og Romsdal. Hefte nr 91. Oslo: Norsk institutt for kulturminneforskning.
  4. Rasmussen, Alf Henry (1993). ‘’Våre kirker. Norsk kirkeleksikon’’. Kirkenær: Vanebo forlag. ISBN 82-7527-022-7.
  5. Kyrkjene i Sunndal Arkivert 2014-03-23 ved Wayback Machine. Sunndal kommune, datert 23.1.2013, lest 23.3.2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]