Romsdalsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over Romsdalsfjorden.
Satellitbilete som viser Romsdalsfjorden øvst, over Sunnmøre-fjordane og Nordfjord. Snøfylte dalar til høgre. (Kjelde: NASA)

Romsdalsfjorden er den niande lengste fjorden i Noreg med ei lengd på 88 km. Han ligg i Romsdal i Møre og Romsdal.

Starten av fjorden i vest vert rekna for å gå mellom Dryna i Midsund kommune og Brattvåg. Eit annan innløp ligg lenger nord ved Julsundet mellom Otrøya i vest og Molde i aust.

Fjorden forgreiner seg i dei mindre Tresfjord og Tomrefjord i sør, medan hovuddelen held fram mot aust. Fjorden deler seg så i tre greiner:

Frå Austlandet kan ein nå fjorden via Gudbrandsdalen ved Lesja og ned Romsdal til Åndalsnes. Dette er òg endestasjonen til Raumabanen.

Veøya - den heilage øya - var senteret i området før Molde. Han ligg der dei tre armane forgreinar seg frå fjorden og var det viktigaste handelssenteret i mellomalderen mellom Trondheim og Bergen. Mellomalderkyrkja St. Peter frå seint på 1100-talet er i dag eit museum, men det vert stundom halde gudstenester her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Romsdalsfjorden

Koordinatar: 62°39′N 7°15′E