Romskip
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit romskip er eit farty eller ein innretning som er laga for å reisa i det ytre verdsrommet. Eit romskip kan vera med eller utan mannskap. Romskip er naudsynte for å utføra mange ulike oppdrag, mellom anna forsking og oppdaging i verdsrommet og på andre planetar, jordobservasjon, krigføring og militære oppdrag og utplassering av satelittar og anna utstyr i rommet.
På 1960-talet gjennomførte ein dei første vellukka romferdene med menneske ombord. Utviklinga gjekk særs fort i denne perioden på grunn av romkappløpet mellom Sambandsstatane og Sovjetunionen. Førstemann i bane rundt jorda var russaren Jurij Gagarin i 1961, i romskipet Vostok 1. I 1969 vart Neil Armstrong og Buzz Aldrin dei første menneska på månen, med fartyet Apollo 11. Den første månelandinga er sett på som den største hendinga i romfartshistoria.
Romskip er mykje brukte i science fiction-forteljingar.
[endre] Sjå òg
| Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over astronomispirer. |

