Romsonden Rosetta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rosetta
Rosetta
Skisse av romsonden Rosetta undervegs mot kometen Tsjurjumov-Gerasimenko

Foto: NASA


COSPAR ID2004-006A
Operatør ESA
Masse Banesonde: 2 900 kg
Landingsfartøy: 100 kg
Oppdrag Gå i bane rundt og landa på ein komet
Destinasjon 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko
Oppskyting 2. mars 2004
Landing
Dato 12. november 2014
Banesonde
Satellitt rundt 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko
Nærbilete av 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko teke av navigasjonskameraet til Rosetta, mindre enn 10 km frå kometen

Rosetta var ein romsonde send opp av ESA som gjekk i bane kring kometen 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko. Han nådde fram til kometen i august 2014 og vart krasjlanda på kometkjernen 30. september 2016.[1] Rosetta-ferda hadde som mål å finna ut korleis tilhøva var i solsystemet då planetane vart danna. Rosetta bar med seg landaren Philae som landa på kometkjernen 12. november 2014.

Rosetta passerte to asteroidar på veg til 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko. Den 5. september 2008 passerte sonden 2867 Šteins, og 10. juli 2010 passerte han 21 Lutetia.

Instrument[endre | endre wikiteksten]

Utanom landaren, har Rosetta med seg 11 instrument og eksperiment.

  • ALICE (Ultraviolet Imaging Spectrometer) er eit spektrometer som arbeider med ultrafiolett stråling. Det skal undersøkja kometkomaen og komethalen for å rekna ut mengda vatn, karbondioksid og karbonmonoksid kometen sender ut.
  • CONSERT (Comet Nucleus Sounding Experiment by Radiowave Transmission) studerer radiobylgjene som vert attkasta og spreidde av kometkjernen.
  • COSIMA (Cometary Secondary Ion Mass Analyser) analyserer støvkorn som vert sende ut av kometen. Det kan finna ut om dei er organiske eller uorganiske.
  • GIADA (Grain Impact Analyser and Dust Accumulator) observerer talet på, massen til, rørslemengda til, og fartsfordelinga til støvkorn som vert sende ut frå kometen.
  • MIDAS (Micro-Imaging Dust Analysis System) studerer støvomgjevnadene til asteroidane og kometen.
  • MIRO (Microwave Instrument for the Rosetta Orbiter) finn ut av mengda på viktige gassar og kor snøgt kometkjernen sender ut gass.
  • OSIRIS (Optical, Spectrocopic and Infrared Remote Imaging System) tek høgoppløyselege bilete av kometkjernen. Det har eit smalvinkelkamera og eit vidvinkelkamera.
  • ROSINA (Rosetta Orbiter Spectrometer for Ion and Neutral Analysis) studerer samansetninga til atmosfæren og ionsfæren til kometen. Det er sett saman av to sensorar.
  • RPC (Rosetta Plasma Consortium) måler mellom anna dei fysiske eigenskapane til kometkjernen og fylgjer med på kometaktiviteten.
  • RSI (Radio Science Investigation) undersøkjer endringane i frekvensen på radiobylgjene frå Rosetta. Det finn ut av massen og tyngdekrafta til komekjernen, noko som vidare kan nyttast til å rekna ut banen og den indre strukturen til kometen.
  • VIRTIS (Visible and Infrared Thermal Imaging Spectrometer) kartlegg og studerer dei faste materiala på kometen. Det hjelper òg til med å finna den beste landingsstaden for Philae.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]