Romteleskopet Hubble

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Romteleskopet Hubble

Romteleskopet Hubble (eng: Hubble Space Telescope) er eit teleskop ute i verdsrommet som går i bane rundt jorda. Romteleskopet er kalla opp etter den amerikanske astronomen Edwin Hubble og vart sendt opp med romferja Discovery den 24. april 1990. Eigentleg skulle romteleskopet sendast opp tidlegare, men det vart utsett etter Challenger-ulykka.

For å halde romteleskopet ved like, er det naudsynt at astronautar gjer regelmessige vedlikehald. 4 gonger har romferjer dratt ut i verdsrommet til teleskopet. Romteleskopet skulle etter planen gjennomgå eit nytt vedlikehald i 2005, men det såg lenge ut til at det ikkje ville verte noko nytt vedlikhald då ein mista romferja Columbia og mannskapet i 2003. Dermed ville ikkje NASA bruke dei resterande romferjene på oppdrag som ikkje gjekk til den internasjonale romstasjonen. På grunn av dei forskjellige banene til Hubble og romstasjonen, ville ikkje astronautane om bord kunne søkje naudhamn om noko skulle skje. Ein siste servicetur vil likevel skje i år 2009.

Hubble vil verte avløyst av James Webb-teleskopet i år 2013 eller seinare.

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]