Romuald Klim
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romuald Iosifovitsj Klim (russisk Ромуальд Иосифович Клим) (25. mai 1933–28. mai 2011) var ein kviterussisk sleggekastar som tevla for Sovjetunionen. Han vart olympiameister i øvinga i 1964 og europameister to år seinare. Klim var fødd i landsbyen Khvoevo ved Njasvizj i Kviterussland.
Meisterskapsmedaljar [endre]
- OL 1964 i Tokyo: Gullmedalje med 69,74 m framom Gyula Zsivótzky og Uwe Beyer
- EM 1966 i Budapest: Gullmedalje med 70,02 m framom Gyula Zsivótzky og Uwe Beyer
- OL 1968 i Mexico by: Sølvmedalje med 73,28 m, bakom Gyula Zsivótzky
- EM 1969 i Athen: Sølvmedalje med 72,74 m, bakom Anatolij Bondartsjuk
Klim forbetra verdsrekorden i sleggekast med 76 cm til 74,52 m under eit stemne i Budapest den 15. juni 1969. Rekorden stod i tre månader, til Anatolij Bondartsjuk under EM i friidrett kasta 74,68 m.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Romuald Klim» frå Wikipedia på bokmål, den 5. august 2012.