Romvandring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astronauten Bruce McCandless på romvandring nokre få meter frå Challenger, utan å vera knytt til romferja.

Ei romvandring er når ein romfarar oppheld seg utanfor romfarkosten sin. Ei romvandring kan skje ute i det tomme verdsrommet, eller det kan skje på ei framand overflate, som til dømes månen eller jamvel ein annan planet. Slike vandringar vert på engelsk kalla "Extra-vehicular activity", som fritt omsett til norsk vert "aktivitetar utanfor fartøyet".

Det første mennsket som utføyrde ei romvandring utanfor romfartøyet, var den sovjetrussiske kosmonauten Aleksej Leonov då han den 18. mars 1965 forlet romfarkosten Voskhod 2.

Nokre viktige datoar:[endre | endre wikiteksten]

Rekordar[endre | endre wikiteksten]

  • Den lengstvarige romvandringa som er utført er på 8 timar og 56 minuttar, og vart gjord av den amerikanske astronauten Susan J. Helms den 11. mars 2001.
  • Anatolij Solovjev held begge rekordane for antal romvandringar samt for total lengde med 16 romvandringar på til saman 82 timar, 22 minuttar.