Ronaldinho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ronaldo de Assis Moreira

Ronaldo de Assis Moreira (fødd 21. mars 1980) i Porto Alegre, Brasil), betre kjend som «Ronaldinho» (vesle Ronaldo), vert sett på som ein av verdas beste fotballspelarar.

Ronaldinhos namn vart kjent då han vart toppscorar i verdsmeisterskapen for U-17, og han starta si profesjonelle karriere i den brasilianske klubben Grêmio, der han spela frå 1998 til 2001. Han debuterte på Brasil sitt landslag 26. juni 1999 i ein kamp mot Paraguay i Copa América. Han har til no spelt 34 landskampar for Brasil og scora 14 mål.

I 2001 signerte Ronaldinho ei femårskontrakt med den franske klubben Paris Saint-Germain. Klubben sin manager syntest likevel at Ronaldinho var meir oppteken av nattelivet enn av fotball. Han byrja ikkje å spele før sesongen 2001/2002 på grunn av ein langvarig juridisk dragkamp mellom PSG og Grêmio omkring overgongssummen.

I 2002 var Ronaldinho med på å vinne VM for Brasil. Eit av turneringa sine høgdepunkt var Ronaldinho si scoring i kvartfinalen mot England, der han lobba ballen over keeper David Seaman fra 35 meters hold.

I 2003 kunngjorde Ronaldinho at han ynskte å forlate PSG etter at dei ikkje kvalifiserte seg for Champions League. Det sette i gang ei budrunde blant toppklubbane. 19. juli underteikna han ei kontrakt med FC Barcelona. Ronaldinho leia Barcelona til andre plass i den spanske toppserien i sesongen 2003/2004.

Saman med Samuel Eto'o, Deco, Henrik Larsson og Ludovic Giuly utgjer Ronaldinho eit fryktinngytande angrep, som har gjeve klubbben ei klar leiing i den spanske ligaen i sesongen 2004/2005.

20. desember 2004 vart Ronaldinho kåra til Årets spelar av FIFA.

I november 2005 vart han kåra til Europas beste fotballspelar og mottok gullballen framføre spelarar som Chelseas Frank Lampard og Liverpools Steven Gerrard.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ronaldinho