Ronaldo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ronaldo må ikkje forvekslast med den portugisiske fotballspelaren Cristiano Ronaldo eller den brasilianske fotballspelaren Ronaldinho.
Ronaldo
Ronaldo.jpeg
Personleg informasjon
Namn Ronaldo Luiz Nazário de Lima
Fødselsdato 22. september 1976
Fødestad Rio de Janeiro i Brasil
Høgd 183 cm
Kallenamn Ronaldo
Posisjon Spiss
Ungdomsklubb
1986-1989
1989-1990
1990-1993
Brasil Tennis Club Valqueire
Brasil Social Ramos Club
Brasil São Cristóvão
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1993
1994-1996
1996-1997
1997-2002
2002-2007
2007-2008
2009-2011
Brasil Cruzeiro
Nederland PSV Eindhoven
Spania FC Barcelona
Italia Internazionale
Spania Real Madrid
Italia AC Milan
Brasil Corinthians
14 (12)
46 (42)
37 (34)
68 (49)
127 (83)
20 (9)
31 (18)
Landslag
1994-2011 Brasil Brasil 97 (62)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga .

Ronaldo Luiz Nazário de Lima (fødd 22. september 1976) er ein brasiliansk tidlegare fotballspelar frå Rio de Janeiro. Ronaldo var ein av verdas beste fotballspelarar i si tid, og held verdsrekorden for mål i verdsmeisterskapen i fotball.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ronaldo sin sportskarriere starta som tiåring i eit lokalt brasiliansk lag. I 1993 starta den vaksne karrieren hans i brasilianske Cruzeiro. Allereie året etter debuterte han for internasjonal fotball i nederlandske PSV Eindhoven. Same året kom han med på det brasilianske landslaget, som han spelte for heilt til han pensjonerte seg frå proff-fotballen. Han var med i troppen til Brasil både i Fotball-VM 1994, Fotball-VM 1998, Fotball-VM 2002 og Fotball-VM 2006, og skåra mål i dei tre seinaste meisterskapane. Brasil vann to av dei, i 1994 og 2002. I 2002 vart Ronaldo attpåtil toppskårar med åtte mål. Til saman skåra han heile femten mål i verdscupen, noko som er verdsrekord. Den førre rekorden var på fjorten mål, sett av Gerd Müller.

På klubbnivå spela han for fleire lag i Spania og Italia frå 1994 - 2008. I 2009 vendte han nasen heim att mot Brasil og spelte for klubben Corinthians dei siste åra av karrieren sin. Ronaldo trekte seg tilbake frå profesjonell fotball i 2011 grunna helseplager. Den siste kampen hans var ein venskapskamp mot Romania som fann stad i São Paulo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]