Ronglan

Koordinatar: 63°39′53″N 11°6′45″E / 63.66472°N 11.11250°E / 63.66472; 11.11250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°39′53″N 11°6′45″E / 63.66472°N 11.11250°E / 63.66472; 11.11250 Ronglan er ei bygd i Levanger kommune i Trøndelag, fem kilometer sørvest for tettstaden Skogn. Nordlandsbanen går gjennom bygda, som er knytt til lokaltoga gjennom Ronglan stasjon, opna i 1902. Fylkesveg 112 går frå Ronglan vestover til Ekne, ei strekning på til saman 6,5 kilometer. Fylkesveg 111 passerer gjennom Ronglan i hovudretning nord-sør. E6 er lagt utanom Ronglan og passerer bygda på vestsida.

På Tuv oppvekstsenter på Ronglan er både barnehage og barneskule. Ved Holtås, aust for sjølve Ronglan, ligg eit helleristningsfelt som vart oppdaga i 1962.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]