Ronja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ronja er eit kvinnenamn som er blitt kjend i Noreg gjennom barneboka Ronja Røverdatter frå 1981 av Astrid Lindgren. Namnet er også kjend som ei av dei mange russiske kortformene av Veronika, då stava Роня (ofte transkribert Ronya med latinske bokstavar), og som det hebraiske namnet Ronia, 'mi glede'.

Ronja har norsk namnedag den 12. februar.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er namnet blitt brukt sidan 1980-åra. Bruken gjekk kraftig opp fram mot 2000-åra, og blei då gjeve til rund 0,35 % av nyfødde. I 2009 var det 1311 norske kvinner som heitte Ronja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]