Ronnie og Donnie Galyon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ronnie og Donnie Galyon, (fødd 28. oktober 1951) er to amerikanske siamesiske tvillingar. Dei held rekorden for å vere dei eldste i verda ifylgje Guinness rekordbok.

Tvilingane blei fødd 28. oktober 1951 på sjukehuset "St. Elizabeth Hospital" i Dayton, Ohio. Dei fekk ikkje oppleve ein normal skulegong. Difor tok faren deira den vanskelege avgjerda å stille dei ut på ein "sideshow"-attraksjon. Gutane vart kjendisar gjennom denne bransjen, og familien fekk høge inntekter. I dag lever tvillingane framleis i fødebyen Dayton i Ohio. Dei bur saman med lillebroren som hjelper dei med praktiske utfordringar.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.