Ronny Ackermann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ronny Ackermann i 2004

Ronny Ackermann (fødd 16. mai 1977) er ein tysk, tidlegare kombinertløpar frå Bad Salzungen. Mellom 2003 og 2007 vann han fire VM-gull, i tillegg har han vunne sju sølvmedaljar i ulike verdsmeisterskapar og i vinter-OL 2006, samt ein VM-bronse i 2001. Ackermann vann verdscupen i kombinert i 2002, 2003 og 2008.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ackermann vart verdsmeister i kombinert både i 2003, 2005 og 2007. Han er den einaste utøvaren som har vunne tre VM-titlar på rad. På heimebane i Oberstdorf i 2005 vann han også sprintdistansen i meisterskapen.

Frå desember 1999 til november 2008 vann Ackermann 28 tevlingar i verdscupen. I alt stod han 77 gongar på sigerspallen etter verdscuprenn.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land
9. desember 1999 Vuokatti Finland
5. januar 2001 Reit im Winkl Tyskland
10. februar 2001 Liberec Tsjekkia
23. november 2001 Kuopio Finland
25. november 2001 Kuopio Finland
18. desember 2001 Steamboat Springs USA
3. januar 2002 Reit im Winkl Tyskland
18. januar 2002 Liberec Tsjekkia
15. mars 2002 Oslo Noreg
22. januar 2003 Hakuba Japan
25. januar 2003 Sapporo Japan
9. mars 2003 Oslo Noreg
14. mars 2003 Lahti Finland
29. november 2003 Kuusamo Finland
30. november 2003 Kuusamo Finland
6. desember 2003 Trondheim Noreg
12. desember 2003 Val di Fiemme Italia
30. desember 2003 Oberhof Tyskland
22. februar 2004 Liberec Tsjekkia
29. februar 2004 Oslo Noreg
27. november 2004 Kuusamo Finland
4. desember 2004 Trondheim Noreg
5. desember 2004 Trondheim Noreg
2. januar 2005 Ruhpolding Tyskland
30. november 2007 Kuusamo Finland
12. nanuar 2008 Val di Fiemme Italia
20. nanuar 2008 Klingenthal Tyskland
29. november 2008 Kuusamo Finland

I 2003 vart han tildelt Holmenkollmedaljen saman med ein annan kombinertrennar, Felix Gottwald frå Austerrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]