Rosa × alba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rosa ×alba 'Semi-plena', la rose blanche d'York

Rosa × alba eller Rosa alba (latin alba, 'kvit') er ei gruppe hydridar av buskroser. Nokre gonger er gruppa omtala som kvitroser sjølv om blomsteren ikkje treng vere kvit. Rosa alba har sitt opphav i Europa. Ein kjenner dei heilt attende til antikken og dei har vore dyrka fram sidan renessansen.

Opphavet er uvisst, men det er truleg kryssingar mellom Rosa gallica × Rosa corymbifera eller Rosa ×damascena × Rosa canina.[1][2]

Gruppa har vore utvikla gjennom fleire hundre år. Nokre av dei mest brukte roseene høyrer til denne gruppa. Det gjeld prestegardsrosene og hurdalsrosa. Blomstrane duftar godt og fargen er oftast frå kvit til rosa og duftar. Plantene er hardføre.

Sortar[endre | endre wikiteksten]

  • Amazing («Palace» collection) (Poulsen 2003) Doble, mørkegule blomstra med aprikos-fargenyansar. Gammaldags form. Busk med mørkt, skinande bladverk. Blomstrar fleire gongar. 0,5 m. Canada zone 5
  • Amelie – (Vibert 1823) Usedvanleg lita til å vere ei albarose. Lysrosa. God duft, ca. 1 m høg. H5, 1,00 x 1,00 m.
  • Belle Amour (Introdusert i 1950) Rosa fylte blomstrar, med god duft. Blada er gråaktige. H4-5
  • Blanche de Belgicue - (Vibert 1817) Fransk skjønheit med kremkvite knoppar. Dei kvite blomstrane duftar sterk krydderaktig. Blomstrar særs rikeleg. Lite tornar. Mørkt grøne blad med litt blåskjær. D2,F5, H6, T/B 1,80 x 1,60 m.
  • Blush hip (ukjent før 1846) Lys rosa, doble blomstrar med vakker, knoppforma blomsterbotn. Blomstrar éin gong. Varmetolerant. 3 m x 2 m. Canada zone 3
  • Celestial (syn. Aurora Poniatowska Rose, Bleu Céleste, Céleste (alba, Dupont, 1810), Céleste Blanche, Celestis Erubescens, Minden Rose, Nova Coelestis, Nuancée Bleu, Rosa alba celestia, Rose Aurore, Rose Belle Aurore, Rosier Aurore Poniatowska) (før 1750) Vakker skjellrosa - lyseraud, halvdobbel (5 rekker med kronblad) blomster. Kraftig og blomsterrik busk. Dekorativt bladverk med blågrått skjær som uthever blomstrane. Skal ikkje beskjærast for mykje. Klarer seg i delivis skugge og dårleg jordsmonn. Blomstrar éin gong, vår/sommar. Motstandsdyktig mot sjuksommar. NRF. D2, F3, H5, S, T/B 1, 5 x 1,5 m. Canada zone 5
  • Chloris (syn. 'Rosée du Matin', 'Belle Elise') (Europa før 1823 - kan hende Jacques-Louis Descemet[3]) Den mest hardføre tornefrie rosa ein kjenner. Sterkt duftande med tett fylte vakre doble blomstrar. Lys rosa til kvite kronblad heller innover til ein tett blomsterbotn. Høg busk med bøygde, kraftig grønne greiner. Så godt som fri for tornar. Eingongsblomstrande. D2, F5, H6, S, T/B 1,5 x 1,2 m til 2,5 m. Canada zone 3-4
  • Dronningen af Danmark (syn. Belle Courtisanne, Koenigen van Danemark, Königin von Dänemark, Naissance de Venus, New Maiden Blush, Reine de Denmarck, Reine du Danemark, 'Queen of Denmark') (truleg R. alba x Damask hybrid) (1816-1826, Alba, Booth) Tett fylte store særs velforma, firedoble mørke og djuprosa blomstrar med den beste dufta ein kan tenke seg. Blomstrane vil ikkje opne seg heilt i fuktige somrar. Tett fin vekst med tornerike greiner. Vakkert mørkegrønt til grågrønt bladverk. Særs sjeldsynt på eiga rot. Særs populær og blir rekna av mange som dronninga av hagerosene og den beste av Alba-rosene. NRF. D2, F5, H5(6), S, T/B 1,50 x 1,20 m 1,75 m. Canada zone 3b-4
  • Erik (Tjømerose) (1880, truleg ein del eldre) Særs truleg ein gammal alba-sort frå Tjøme med kompakt kraftig vekst med overhengende greiner og eit rikt blomsterflor i mørk rosa. D1, F3, H5-6, S, T/B-1,00 x 1,50 m.
  • Fantin Latour (ukjent) Doble blomstrar og framtredande duft. Klassiske trekk for ein rosebusk. Bladverket er mørkare grønt enn dei fleste andre. 1 m. Canada zone 4.
  • Fèlicitè Parmentier (Parmentier 1830) «Fèlicitè» betyr lykke, og viser til at foredlaren vart lykkeleg då han hadde funne fram til sorten. H5, 150 x 200 cm.
  • Hurdalsrosa (nannestadrose, moelvrose) Dette er truleg ei alba-rose som vart henta eller sådd frå Giessen i Tyskland til ein prestegård i Hurdalen på 1800-talet. Kraftigveksande, riktblomstrande med doble mørkrosa blomstrar. Mykje planta rundt Mjøsa. Lite tornar. Planta i store mengder langs flytoget sin trase . NRF. D1, F2, H7, S, T/B 3,00 x 2,50 m.
  • Maidens Blush (syn, Bella Donna, Belle Fille, Cuisse de Nymphe, Great Maiden's Blush, Incarnata, La Royale, La Séduisante, La Virginale, Le Rosier Blanc Royale, Loyalist, Regalis, Rosa carnea, Rosa rubicans, Rosier Blanc Royal, Royal White Rose) (Frankrike før 1629, kan hende ca. 1400) Spesiell gammal og prisa rose som har vore nytta som romantisk rose i over 600 år. Lys rosa, doble eller halvdoble blomstrar med kraftig, søtaktig og utsøkt duft. Riktblomstrande opprett busk med svakt bøyande greiner og blågrønt kraftig bladverk. Kjent som prestegardsrose. Blomstrar litt seinare enn dei andre og blomsterknoppane kan rotne i langvarig regnvêr. Kan òg nyttast som klatrerose. Eingongsblomstrande. Motstandsdyktig mot sjukdommar. NRF. D2, F5, H6(7), S, T/B 1,50 x 1,50 m til 2 m. Canada zone 4 Fr
  • Maxima (kvit bonderose) (før 1400), var særs vanleg før i tida og etter at dei gammaldagse rosene vart populære att, har dette ført til ny etterspurnad. Liknar Rosa alba ’Semiplena’, men har meir fylte blomstrar. Mutasjon frå ’Semiplena’ som den av og til går attende til. Tettfylte kvite blomstrar. Blomstrar ein gong i juni – juli. D2, F5, H6(7), S, T/B 2,00-2,50
  • Minette (Jean-Pierre Vibert 1819) Store, doble, lys rosa blomstrar som blir mørkare mot sentrum. Motstandsdyktig mot sjukdommar. Canada zone 3
  • Mme Legras de Saint German (1846) Kraftig tett busk med lyst grågrønt lauv og tettfylte blomster i kvitt med gulskjær. Riktblomstrande med sterk duft. Tornefri. D2, F5, H5(6), S, T/B 1,50 x 1,50 m.
  • Mme. Plantier (1835) Store kvite, doble, duftande blomstrar. Klassisk rose som blir rekna til prestegardsrosene. Grasgrøne greiner med lite tornar og grågrønt lauv. Greinene spiler utover og formar ein kraftig, tett og brei busk. I full blome er busken dekt med roser. Kan òg nyttast som hekkrose og klatrerose. NRF. D1, F5, H6, S, T/B 1,25 x 1,50 m til 2 m Canada zone 4.
  • Princesse de Lamballe
  • Semiplena (R. x alba suaveolens) (Europa ca. 1500) Høg busk med halvdoble blomstrar med gulaktig sentrum og søtaktig duft. Særleg hardfør plante som kan stå aleine eller bak eit blomsterbed. 2,5 m. Canada zone 4
  • Suaveolens (kystkvitrose, syn, 'Alba Suaveolens', 'Semi-Plena') (Før 1750) Kystkvitrose som passar bra i kyststrøk. Kvite halvfylte blomstrar og særs sterk og god duft. Robust og riktblomstrande. Flott raud nypeprakt. Greiner med lite tornar. NRF. D2, F2, H7, S, T/B 2,00 x 2,00 m til 2,5 m. Canada zone 4

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Opphav foreslått av Tela Botanica og GRIN. GRIN refererer to andre moglege opphav:
  2. Le bon jardinier, La Maison rustique, Paris, 1977.
  3. http://www.classicroses.co.uk/forum/showthread.php?t=292[daud lenkje]

Referansar[endre | endre wikiteksten]