Roseau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Roseau
Roseau (Dominica).jpg
Styresmakter
Land
Dominica
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

14 847
Koordinatar 15°18′″N 61°23′″WKoordinatar: 15°18′″N 61°23′″W
Plassering
Map of Dominica.gif

Roseau er hovudstaden i Dominica i Det karibiske havet. Han har eit folketal på 14 847 (folketeljing 2001)[1] Roseau er ein liten og kompakt by ved Roseauelva og Morne Bruce. Byen er bygd over den gamle Kalinago-indianarlandsbyen Sairi, og er den eldste og viktigaste busetnaden på øya.

Roseau ligg på vestsida av Dominica, og er i dag ein kombinasjon av moderne bygningar og ein arkitektstil frå kolonitida (fransk stil). Byen eksporterer bananer, grønsaker, grapefrukt, appelsiner og kakao.

Det sentrale distriktet i Roseau har små hus tett i tett, og berre små grøne eller opne plassar mellom bygningane. Distriktet er derimot omgjeve av natur, og i byen ligg det fleire store botaniske hagar. Roseauelva er ei av dei største elvane som renn gjennom ein karibisk hovudstad.

Den urbane strukturen i sentrum har eit tett og uregelmessig rutenettsystem, som gjer at byen vert uoversiktleg og lett for vitjande å gå seg vill i. Rutenettet er derimot ikkje særleg stort, og dekkjer om lag 80 kvartal over eit område på 30 mål. Til samanlikning har andre karibiske hovudstader, som Kingstown og Castries, har 50-60 kvartal over 40 mål.

I tillegg til dagleg ferjesamband med Guadeloupe og Martinique, legg fleire cruiseskip til i hamna. Roseau har òg ein liten flyplass, Canefield Airport (IATA-kode: DCF).

Roseau er utgangspunkt for utfluktar til fleire attraksjoner, mellom anna Trafalgar-fossane og Boilingsjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Commonwealth of Dominica, Population and Housing Census — 2001. Roseau, Dominica: Central Statistical Office, Ministry of Finance and Planning, Kennedy Avenue, 2001.