Rosekrigane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rosekrigane er eit namn på den periodevise borgarkrigstilstanden i England mellom 1455 og 1487. Kampen stod om trona til England, og hovudmotstandarane var huset York og huset Lancaster. Begge slekter stamma frå huset Plantagenet, idet dei kunne spore sine anar til Edvard III. Namnet Rosekrigane blei ikkje brukt i samtida. Det har sitt opphav i symbola som blei brukt av partane, ei kvit rose for York og ei raud for Lancaster.

Krigane blei utkjempa av riddarar og føydalhærane deira. Lancaster hadde det meste av støtta si i nord og vest, medan York var sterke i sør og aust. Grunna dei store tapstala blant adelen var krigane ein sentral faktor i svekkinga av den føydale makta, noko som førte til at ein under huset Tudor fekk eit sterkt, sentralisert monarki.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rosekrigane
Spire Denne historieartikkelen som har med England å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.