Rosemåling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rosemåla tine.
Foto: Erik A. Drabløs
Frå rosemåla Uvdal stavkyrkje i Buskerud.
Foto: Frode Inge Helland

Rosemåling er den vanlege nemninga på ein type tradisjonell dekorativ, ornamental kunstmåling som var vore i bruk i Noreg i nyare tid. Blømingstida for stilen er sagt å vera om lag 1750 og frametter til 1900. Handverket er framleis levande i brukskunstmiljø i fleire norske bygder, og blant norsk-amerikanarar.

Motiva i rosemåling er først og fremst frie, svungne blomar og blad som fyller flatene i sterke og ofte raffinerte fargekombinasjonar.

Stildrag[endre | endre wikiteksten]

Akantusranken er kanskje det mest attkjennelege trekket ved stilen. Akantusen syner seg i ulike former over store delar av tradisjonsområdet, og vert utbrodert på ymse vis. Utnyttinga av blomerankar syner slektskap til europeisk dekorativ kunst i både barokk og rokokko. Det er rimeleg å tru at dei ulike rosemålingsstilane har latt seg påverke av desse. Til dømes syner austlandsmålinga mange drag av slektskap. Målinga har nok vakse fram i kontakten med Nederland i seglskutetida. Det er påvist likskap i stil i mellom anna Hindelopen nedst i Frisland.

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Rosemålinga syner seg frå byrjinga på ølboller og andre drikkebollar, kister av ulike slag, tiner, hengjeskåp og feler. Dei mest velhaldne bøndene kosta på seg å få smykka ut heile stover.

Fargar[endre | endre wikiteksten]

Målarane nytta ofte ulike nyansar av blått, raudt og oker. Kvitt blanda dei av sink, medan blått vart teken frå ulike slag stein dei fann i fjellet. I den klassiske rosemålingstida laga kunstnarane oftast fargane sjølv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]