Rosenborg IHK

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rosenborg Ishockeyklubb (RIHK) er ein ishockeyklubb frå Trondheim, stifta som ishockeyavdelinga til Rosenborg Ballklub i 1934. Fotball- og ishockeyavdelinga skilde lag og blei to uavhengige klubbar i 1991. Rosenborg har inntil nyleg aldri spelt i ein liga høgare enn nest øvste nivå i Noreg. Då TIK blei nedlagt i 2008, bana dette veg for at Rosenborg kunne satsa mot norgeseliten, og seniorlaget for herrar spelar frå og med sesongen 2010/11 i GET-ligaen. Sidan Leangen Ishall blei ferdigstilt i 1977 har hallen vore Rosenborg sin heimearena, etter at ein hadde spelt utandørs på naturis sidan klubben blei stifta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]