Rosenborg slott

Koordinatar: 55°41′8.4″N 12°34′38.2″E / 55.685667°N 12.577278°E / 55.685667; 12.577278
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°41′8.4″N 12°34′38.2″E / 55.685667°N 12.577278°E / 55.685667; 12.577278

Rosenborg slott

ArkitektHans van Steenwinckel den yngre
StilRenessansearkitektur
Kart
Rosenborg slott
55°41′08″N 12°34′39″E / 55.68566°N 12.57748°E / 55.68566; 12.57748

Rosenborg slott er eit slott i Kongens Have i København. Det er bygt etter ordre frå Kristian IV 1606–1607. Fyrst var Rosenborg eit lysthus, men med utvidingar i 1613–1615, 1616–1624 og igjen i 1633 vart det det slottet vi kjenner i dag. Dette var bustad for skiftande kongar fram til 1710. Det er oppført i nederlandsk renessansestil, som er typisk for byggverka på den tida.

I dag er det eit kulturhistorisk museum, De Danske Kongers Kronologiske Samling, som fortel historia til dei danske kongane gjennom 300 år, frå Frederik II på 1500-talet til Frederik VII på 1800-talet, og er heimstad for dei danske kronregaliene og kronjuvelane, som ein òg kan sjå der.

Slottet er freda.[1]

Rosenborg slott.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rosenborg» (på dansk). Slots- og Kulturstyrelsen. Henta 12. september 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Rosenborg slott