Rosenfink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rosenfink

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar

Carpodacus erythrinus NAUMANN.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Fringillidae
Slekt: Carpodacus
Art: P. erythrinus
Vitskapleg namn
Carpodacus erythrinus
Carpodacus erythrinus

Rosenfink (Carpodacus erythrinus) er ein av ca. 22 artar i slekta Carpodacus av rosenfinkar i finkefamilien. Rosenfinken har største og tettaste hekkedistribusjonen i Sibir og Sentral-Asia, men arten har spreidd seg til Aust-Europa, Sentral-Europa og til Skandinavia. Arten er ein sterk trekkfugl og hekkefuglar frå Noreg overvintrar i India.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Rosenfinken blir opptil 15 centimeter lang og veg ca. 20 til 25 gram. Hannen er karmosinraud på brystet og hovudet, med brune venger og kvit buk, hoa er brunleg. Dei har eit kort, kraftig, finkenebb og mørke auge. I alle drakter har dei smale, doble vengeband som kan vere vanskeleg å oppdage når fjørdrakta er slitt.[2] Hoer og hannar yngre enn det tredje kalenderåret, er olivenbrune med strek og kan ikkje skiljast. Derfor snakkar ein om hokjønnsfarga individ. I vaksen alder er hannen raudleg på hovudet med ei brei, mørk brun augestripe eller tygel. Dei øvre delane av brystet og overgumpen er raude medan området frå nedre bryst og buk inkludert undergump er kvitt eller lys grått. Oversida av vengene, stjert og rygg er mørk brun. Rosenfinken har òg ein særeigen song som består av glissando fløytetonar.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten rosenfink delast ofte opp i fem underartar, kvar har karakteristiske skilnader i fargetonar og mengd av strek i fjørdrakta. I vinterkvartera kan underartane ofte ikkje identifiserast ut frå slike kjenneteikn ettersom det førekjem store individuelle skilnader.[3] Dei er langdistanseflyttfuglar som overvintrar i India, Iran, søraustre Pakistan, Nepal og Søraust-Asia[4]

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Rosenfinken har spreidd seg frå Asia til Aust-Europa, Sentral-Europa og Skandinavia. Han etablerte seg med første hekking i Sverige i 1938 og kom inn i Noreg frå ca. 1970. I 1994 var han hekkefugl frå Rogaland i vest og vestover mot indre Aust-Noreg og nordover til Oppland og Hedmark. Dei har habitat ved i skog og krattskog ved vatn, og gjerne på ute på øyar ved kysten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Torger Kristian Hagen, 1994, Artsomtale: Carpodachus erythrinus – rosenfink, S. 484 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu, henta 10. oktober 2011

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Svensson, Lars et al, (1999) Gyldendals store fugleguide, Gyldendal ISBN 82-05-25554-7
  2. Staav, R., Fransson, T. (1991). Nordens fåglar (utgåva andra upplagan). Stockholm: Norstedts. sid. 467-468. ISBN 91-1-913142-9
  3. Lars Larsson (2001) Birds of the World, CD-rom
  4. Kåre Ström, 2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rosenfink