Rosenlundsalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rosenlundsalen i Konservativen i Halden er truleg Noregs eldste eksisterande teatersal. Salen er omtala i ein branntakst fra 1777 og er dimed eldre enn både Fredrikshalds teater og Gamle Scene ved Trøndelag Teater. Huset er ført opp mellom 1759 og 1765.

Salen, og resten av huset, var opphavleg lokale for Den Civile Klub Selskab også kalla Harald Haarfagers Klub. Namnet har salen etter S. Rosenlund, som eigde huset i 1842. Salen inneheld ein original proscenieboge som syner at den har vorte nytta som teatersal. Dei opphavlege dekorasjonane vart elles borte då Den Civile Klub slo seg saman med Den Militære til Haldens Klub.

I 1849 heldt Marcus Thrane det fyrste folkemøtet i det som skulle verte kjend som Thrane-ria i Rosenlundsalen. Vi har dimed grunnlag for å seie at ikkje berre norsk teater, men også norsk arbeidarrørsle, kan føre historia si attende til dette rommet.

I 1852 var salen igjen innreidd som teater, og frå 1856 finst det detaljert oversikt over teppe, dekorasjonar og sufitter.

Ved overgangen til det tjuande hundreåret vart salen teken over av Den konservative Arbeiderforening og fekk etter det rykte som ølbule. Frå 1961 vart salen nytta som møbellager, mens huset gradvis forfall.

I 1987 kjøpte Halden kommune huset og sette delar av huset i stand som kontor for Østfold Teater. Sjølve salen vart ståande urørt.

Salens framtid er uklar. Kulturhistorisk verdifull, men samstundes forfallen og utsett, treng han sårt til ei restaurering som går langt ut over økonomi og kompetanse hos den noverande eigaren.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Fortidsvern. 3/2008.
  • Vidar Parmer Teater på Fredrikshald 1965