Rosens navn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Umberto Eco (til høgre)
For filmen med same namn basert på boka, sjå Filmen Rosens navn

I 1984 kom den postmoderne romanen Il nome della rosa ut på bokmål under tittelen Rosens navn. Romanen er skriven av den italienske semiotikaren, filosofen og forfattaren Umberto Eco. Han kom ut på italiensk i 1980. I 1986 vart romanen filmatisert, med Sean Connery og Christian Slater i hovudrollene. I 1984 gav Eco ut ei essaysamling om Rosens navn, Postille a Il nome della rossa. Omsett til bokmål kom samlinga ut i 1988 som Randbemerkninger til Rosens navn.

Litterær teknikk og tema[endre | endre wikiteksten]

Rosens navn er eit eksempel på den litteraturteoretiske skolen som kallast «lesarresponskritikk», som fokuserer på lesaren si tolking av teksten ut frå den erfaringa lesaren sit inne med. Ein seier at teksten er «open», dvs. fri til tolking, ikkje «lukka» i ei tolking gjeve av forfattaren. Eco understrekar dette i Randbemerkninger til Rosens navn: «Inga glede kan vere større for ein romanforfattar enn å oppdage at det han har skrive lèt seg lese på måtar han ikkje hadde tenkt seg, særleg når det er lesarane som set han på det.» Ein av hovudpersonane i boka, William frå Baskerville, seier det same: «Bøker blir ikkje skrivne for at ein skal tru på dei, men for at ein skal granske dei.»

Det er to forteljarstemmer i boka. I forordet påstår ein eg-person (det kan vere Umberto Eco sjølv) at han har funne eit mellomaldermanuskript skrive av ein munk Adso frå Melk. I resten av boka er det Adso som er forteljaren. Den merksame lesaren vil finne referansar til moderne personar og intertekstlege samband med nyare litteratur i forteljinga, og vil dermed «gjennomskode» teksten og soleis også forordet.

Nokre gonger snakkar Eco (via Adso) direkte til lesaren, til dømes fjerde dagen: «Men no fortapte eg meg i minne, tolmodige kjære lesar, dette har lita interesse, det er andre storhendingar som uroar oss», og gjer dermed inntrykk av at boka nærast er ein metaroman.

Handlinga i boka går føre seg ei veke i november 1327 i eit benediktinarkloster i Nord-Italia. Hovudtemaet er eit kriminalmysterium: ei rekkje av bebuarane i klostret blir myrda under bisarre tilhøve. Samtidig er det fleire sidetema, som skildrar sosiale og teologiske forhold i denne perioden av mellomalderen. Fleire sidetema har referansar til vår tid. Ein av hovudpersonane, fransiskanaren William frå Baskerville, klarer til slutt å avsløre dei fleste samanhenger ved å bruke skolastiske og logiske metodar.

Boka er delt inn i hovudavsnitt for kvar av dei sju dagane, med underkapittel etter dei liturgiske tidebønnene (matutin, laudes, prim, ters, sext, non, vesper og kompletorium). Det kjem fram av ein kommentar andre dag (matutin) om ein spesiell måndagssalme, at første dag er ein søndag.

Klostret i Melk, der romanen fortel at Adso skreiv manuskriptet
Foto: Walter Hochauer

Dei to fororda[endre | endre wikiteksten]

Rosens navn startar med to forord, eitt skrive av han som påstår å ha funne manuskriptet til Adso, det andre skal vere ein prolog av Adso sjølv. På denne måten byggjer forfattaren lag på lag av «fiktiv autentisitet» til historia.

Det første forordet er datert 5. januar 1980, same år som boka kom ut. Det er Eco som har skrive romanen, men i forordet gjev han ein illusjon av at den byggjer på eit originalt mellomaldermanuskript, gjeve ut i fransk omsetjing i Paris i 1842. Samtidig bryt han sjølv ned illusjonen med ei lite truverdig forklaring om vandringa i boka: Han skal tilfeldigvis ha kome over ei bok med fransk omsetjing og omarbeiding av forteljinga i Praha i 1968, som han straks omsette til italiensk og skreiv ned for hand. Dette viste seg å vere heldig, for boka kom bort med ein kjæraste kort tid etter. Seinare skal forfattaren ha funne tilvisingar til manuskriptet både i Paris og Buenos Aires, men begge gongane er det ting som ikkje stemmer med den opphavlege boka. Illusjonen vert ytterlegare broten ned med at forfattaren seier rett fram: «Slik kjende eg meg fri til berre å framføre forteljinga til Adso frå Melk, og eg gjorde det beint fram fordi eg synast godt om å fabulere.»

På denne måten leikar Eco med å plassere fleire forteljingar inne i kvarandre. I Randbemerkninger til Rosens navn skriv han: «Slik skreiv eg straks introduksjonen min, eg la inn historia mi som eit fjerde ledd, etter tre andre forteljingar, eg nemnde at Vallet hadde sagt at Mabillon hadde sagt at Adso sa...»

Vidare viser Eco lesaren at dette kan vere ei forteljing også om vår tid, ved dei ironiske setningane: «Ei fjern tid, heldigvis heilt utan kontakt med vår eiga. Ei underleg fjern tid, utan håpet og tryggleiken i vår eiga tid.» Det første forordet vert avslutta med ei hyllest av bokverda: «Overalt søkte eg ro, men fann det ikkje før eg sat i kroken med ei bok.»

I hovudteksten er Adso eg-forteljar, og i prologen hans vert det etablert eit no-tidspunkt kor teksten skrivast ned; der er han ein gamal og sjuk mann, som ser tilbake på det som skjedde i ungdommen. Prologen startar på ein snedig måte ved at Eco lèt teksten referere til seg sjølv, akkurat som i Evangeliet etter Johannes er første linje: «I byrjinga var...» Adso skildrar den historiske bakgrunnen for det som gjekk føre seg i klostret. Han gjer klart tilkjenne eigne sympatiar (pave Johannes blir omtalt som ein Antikrist, på den andre sida stør Adso fransiskanarane og idéen om apostolisk fattigdom). Adso hamna midt i handlinga ved at faren var ein av keisar Ludvig sine menn og deltok i felttoget til Italia og tok Adso med. Under kringsetjinga av Pisa ville Adso sjå seg meir om i Toscana, dette fekk han lov til dersom han reiste saman med ein røynd vegleiar. Følgjesveinen som vart plukka ut var den lærde fransiskanaren William frå Baskerville.

Scenen for handlinga[endre | endre wikiteksten]

Historisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Perioden Adso skildrar i krønika sin er svært uroleg. I Avignon sat den stridige Johannes XXII som andre paven under Avignon-pavedømmet (pavesetet var flytta frå Roma til Avignon i 1305). Paven var i opposisjon til keisar Ludvig IV av Bayern og ekskommuniserte han i 1324. Som ein reaksjon på dette invaderte Ludvig IV Italia i 1327 og sette i 1328 inn ein motpave i Roma (Nikolas V). Samtidig låg pavedømmet i skarp strid med den nye fransiskanarordenen om apostolisk fattigdom. Ordenen hadde på eit generalkapittel i Perugia i 1322 vedtatt at korkje Kristus eller apostlane hadde hatt eigedom, og at dei kristne måtte følgje dette eksempelet.

Paven fordømde denne tesen, av taktiske grunnar valde benediktinarane å stø fransiskanarane i striden. Ei retning innan fransiskanarordenen heldt strengt på fattigdomsidealet og vart kalla spiritualane, ei anna tilsvarande gruppe braut ut av ordenen og vart kalla fraticelli (småbrørne). Det oppstod også ei rekkje ytterleggåande sekter i opprør mot den katolske kyrkja sin materialisme og dei sosiale ulikskapane, Rosens navn fortel detaljert om ei av dei, leidd av broder Dolcino (dulcianerne).

Då Eco skreiv Rosens navn var Italia på tilsvarande måte prega av sosiale konfliktar, uro og vald [1]. I Italia vert desse åra kalla for «blyåra» («anni di piombo») på grunn av all skytinga og bombinga. Dei raude brigadar på venstresida spreidde otte. I 1978 bortførte og drap dei den tidlegare italienske statsministeren Aldo Moro. Samtidig planla det ytre høgre statskupp og sprengte fleire terrorbomber, mellom anna vart 85 menneske drepne i terrorangrepet i Bologna 2. august 1980. Eco skreiv derfor om ein periode som likna på hans eigen, ei tid full av spenningar.

Eco si plassering av handlinga i tid og rom[endre | endre wikiteksten]

Eco fortel i Randbemerkninger til Rosens navn at han helst ville plassert handlinga på 1100- eller 1200-talet, ettersom det var denne perioden han kjente best. Han vart tvungen til å flytte den til 1300-talet, fordi han hevdar at ein skarpsindig etterforskar ikkje kunne komme før etter Roger Bacon si tid. Han la handlinga til november 1327 sidan det er eit historisk faktum at Michele av Cesena kom til Avignon i desember same år.

For å følgje profetiane i apokalypsen ville han ha med ei tynne griseblod. Griser vart slakta først når det var blitt kaldt, for å få det til å passe med november måtte Eco plassere handlinga på ein høgtliggande stad i den nordlege delen av Italia.

Geografisk plassering av klostret[endre | endre wikiteksten]

Liguria, der klostret mest sannsynleg er plassert

Adso skriv sjølv at han prøver å skjule kor klostret låg, på grunn av alt det forferdelege som skjedde. Likevel gjev han eit hint i prologen: «vi følgde fjellvegen frå Pisa, same veg og same retning som San Giacomo...». San Giacomo er det italienske namnet på Apostelen Jakob, og her refererer han til ein av pilegrimsvegane til Santiago de Compostela i Spania, der han etter tradisjonen skal vere gravlagt. Adso seier dei brukte to veker på reisa, likeins at det må ligge nær ein av pilegrimsvegane prøver forfattaren av forordet å foreta ei plassering («Om dette seier Adso ingenting, men etter det som er ymta om, kan ein rekne med...»). Først plasserer han staden svært upresist «mellom Pomposa og Conques». Pomposa er eit benediktinarkloster utanfor Ferrara aust i Nord-Italia, medan Conques er ein stoppestad for pilegrimar på veg til Santiago, midt i Sør-Frankrike. Dernest prøver han å presisere, ved å seie at det ligg «i Apenninane mellom Piemonte, Liguria og Frankrike», dette dekkjer store delar av det nordvestlege hjørnet av Italia. Til sist gjev han den mest presise lokaliseringa: «så og seie mellom Lerici og Turbia.» Lerici er ein kystby heilt sør i Liguria, medan Turbia er det italienske namnet på franske La Turbie, på den franske rivieraen tvers over grensa frå Italia. Framleis dreier det seg om eit område på over 200 kilometer i utstrekning. Stadnamna Eco bruker refererer til eit sitat frå Dantes Den guddommelege komedie: «Dei av stupa mellom Lerici og Turbia som er mest utilgjengelege, kan samanliknast med komfortable trapper i forhold» (skjærselden III,49-51). På Dante si tid, som òg er tida for handlinga i Rosens navn, var dei ulendte liguriske fjella på denne strekninga nesten uframkommelege. Severino seier noko som plasserer klostret i sørhellinga av Apenninane ned mot Middelhavet (første dagen, før non): «...platået vårt her i høgda langs ryggen av ei kjede som ser havet på den eine sida, derfrå kjem det varm vind, i nord har vi høge fjell som gjev oss frisk og kjølig luft.» Dette stemmer med det Adso skriv fjerde dagen: «Den morgonen vi kom kunne vi frå einskilde punkt på dei høgste stadene skimte havet, kanskje hundre kilometer borte.» Ubertino stadfester plasseringa når han tredje dagen, etter kompletorium seier: «i bispedømmet Novara, det er i denne delen av Italia, berre litt lengre mot nord.»

Kolossen[endre | endre wikiteksten]

Klostret ligg på ein høg åskam og er dominert av eit gammalt og svært tårn, den såkalla Kolossen. Livet i klostret dreier seg om Kolossen, sidan det største biblioteket i den kristne verda fyller den øvste etasjen, opp dit har berre bibliotekaren Malachia tilkomst. I andre etasje ligg scriptoriet, der mange av munkane skriv av og illustrerer bøker som er tatt ned. I første etasjen ligg kjøkkenet og refektoriet. Om natta er Kolossen låst for tilkome utanfrå, likevel ser munkane flakkande lys frå biblioteketasjen om natta.

Personar i handlinga[endre | endre wikiteksten]

  • Adso frå Melk, hovudforteljar og benediktinarmunk. I ein alder av åtti år skriv han ned det han opplevde som atten år gamal novise («ein tekst som aldri har vore skriven før no, jamvel om han har levd i sinnet mitt gjennom lange tider»). Han er imponert over William sine klare tankar og evne til logisk resonnement, men avslører likevel i sin omtale av William i dei siste blad at han sjølv aldri vart så utvikla som William: «I mine bønner ber eg alltid om at Gud må ta imot hans sjel med tilgjeving for handlingane han har gjort seg skuldig i, takka vere medvitet sitt og det intellektuelle overmotet.» Han seier også (femte dagen, vesper): «desto mindre får eg til overs for den intelligens som vil vite og den vilje som vil handle: for meg er det blitt slik at det einaste som kan gi redning er den trygge tru som gjev deg kraft til å vente tolmodig, utan å spørje for mykje.»
  • William frå Baskerville, romanen sin hovudperson og med alt sannsyn Ecos alter ego. William er følgjesveinen til Adso, lærar og venn, ein vitelysten, udogmatisk og humoristisk mann i femtiåra, tilhengjar av Roger Bacon og William av Ockham. Dette er den einaste personen Adso skildrar utsjånaden på i detalj. Han er interessert i tekniske nyvinningar og føreseier i prologen mange oppfinningar som kjem langt seinare (som eit ekte barn av det som kallast renessansen i det 12. hundreår ). Samtidig er han føre tida si når det gjeld synet på demokrati og religiøs toleranse («Kyrkja kan og bør gje kjettaren eit førebod om at han er på veg ut av samfunnet åt dei som trur, men kan ikkje dømme han her på jord og tvinge han mot hans vilje», femte dagen, ters). Tidlegare var han inkvisitor, men slutta: då Adso andre dagen, kompletorium, seier «Det er ufyseleg det ein inkvisitor gjer», svarer William «Derfor har eg slutta med det.»
  • Remigio frå Varagine, materialforvaltar i klostret, jovial og livleg. Saman med Salvatore var han tidlegare ei forbundsfelle av Dolcino, men forrådde han av frykt.
  • Salvatore frå Monferrato, tiggarmunk med ein fråstøytande utsjånad. Han snakkar eit babbel av mange språk, iblant verker det som han talar i tunger. Han har ein omtumla bakgrunn, og voks opp i eit område så fattig at einskilde grov opp lik på kyrkjegarden for å få mat, Salvatore kallar denne ekstreme praksisen for «å gnamme». Adso klarer å sjå bak hans rå natur: «Men så hendte det også at det herja og ville ansiktet hans lyste opp og fekk eit mildt skjær når han fortalde om møtet med dei fransiskanske predikantane, og korleis han som levde dette livet blant alle bandane skjønte at dette ikkje var noko han trengde å gjere av rein tvang, tvert imot kunne han gjere det i glede og plikttruskap» (tredje dagen, sext).
  • Ubertino av Casale, ein av leiarane for spiritualane, forfattar, mystikar og gamal venn av William. Olding då denne forteljinga utspelar seg.
  • Bencio frå Uppsala arbeider med retorikk, han er intellektuell og sjølvstendig til ein høg pris. Han set livet til då han prøver å sløkkje brannen i biblioteket.
  • Aymaro frå Alessandria, kopierer bøker, kritisk til korleis klostret vert driven og «hånler alltid av verdas dårskap». Alessandria er Eco sin fødeby.
  • Nicola frå Morimondo er klostret sin glasmeister.
  • Alinardo frå Grottaferrata, klostrets eldste, nesten hundre år, og dels senil. Han blir trampa ned av hestar under den siste brannen.
  • Pacificio frå Tivoli, stor kjennar av ikkje-kristne poetar
  • Michele av Cesena, ordensgeneral for fransiskanarordenen og sterk tilhengjar av apostolisk fattigdom.
  • Bernardo Gui, kjettarjeger, medlem av den pavelege delegasjon til klostret og sjef for soldatane som følgjer med som vern. Adso gjev ei svært negativ skildring av ham, nærast som Antikrist sjølv.
  • Pietro frå Sant' Albano, skriv på eit stort verk om kjetteri, men sluttar av arbeidet etter det som skjer i klostret.
  • Jenta frå landsbyen, ei ung kvinne som Adso straks elskar. Han skriv om henne: «Ho var den einaste jordiske kjærleiken i livet mitt, og eg visste ikkje eingong kva ho het.» (femte dagen, kompletorium).

Personar som blir drepne[endre | endre wikiteksten]

  1. Adelmo frå Otranto, ein gåverik miniatyrmalar, fall ned frå eit glas i klostertårnet ei natt før William og Adso kjem til.
  2. Venanzio frå Salvemec, omsetjar frå gresk og arabisk, særleg opptatt av Aristoteles. Funnen død tidleg andre dagen, stappa ned i ei tynne med griseblod.
  3. Berengario frå Arundel, bibliotekaren sin assistent og rekna å vere homofil. Han blir funnen forgifta i eit badekar natt til fjerde dagen.
  4. Severino frå St. Emmeram, botanisk sakkunnig som lagar medisinar av urter, hovudet hans kløyvast femte dagen med eit astronomisk instrument.
  5. Malachia frå Hildesheim, bibliotekar, klumpete og knoklete, dyster og alvorleg. Han avgjer kven som skal få låne bøker frå biblioteket utan å ha kvalitetane som ein ventar av ein bibliotekar: «Malachia verna om biblioteket som ein vakthund, men utan å ane kva han vakta» (sjette dagen, prim). Malachia blir forgifta tidleg om morgonen sjette dagen.
  6. Abbone frå Fossanova, abbed og tidlegare elev av Thomas Aquinas. Fossanova er klostret der Aquinas døydde. Abbeden har mange hyklerske trekk (Adso seier varsamt at han er «ein mann med tydelege diplomatiske trekk»), noko som gjer at han vert utsett for William sin ironi utan sjølv å vere klar over det. Han blir kvelt inne i veggen i Kolossen natta mellom sjette og sjuande dagen.
  7. Jorge frå Burgos, blind olding, men har oversikt over alt som skjer i klostret. Hater Aristoteles sin logikk og latter, og meiner at Antikrist snart kjem. Trass i at William og han kjempar mot kvarandre, viser dei ein intellektuell respekt seg imellom: «Eg fraus på ryggen. eg skjøna med eitt at desse to menn som stod mot kvarandre i ein kamp på liv og død, dei tykte om kvarandre, det kunne sjå ut som dei begge hadde handla berre for å bli omtykt av den andre.» På den andre sida vanvørde William det han står for: «Djevelen, det er du, det... Du er sjølv djevelen og som djevelen lever du i skuggane» (natta til sjuande dagen). Han forgifter seg sjølv same natta.

Handlinga[endre | endre wikiteksten]

Første dagen, søndag[endre | endre wikiteksten]

Miniatyrmaleri av Jomfru Maria og barn i ein illustrert Bibel frå 1100-talet

I første avsnitt har Eco lagt inn ei rekkje filosofiske og teologiske diskusjonar. Han seier sjølv i Randbemerkninger at dette er gjort for å åtvare lesaren om at boka ikkje er ein vanleg kriminalroman. William og Adso kjem til klostret, ser seg om og snakkar med sentrale personar i handlinga. Eco bruker ein gamal litterær teknikk, ved å presentere oss for ei rekkje leietrådar, som så blir nøsta opp i veka som kjem:

William leverer eit brev med keisarleg segl til abbeden, noko som syner at William ikkje er på ei tilfeldig vitjing, men har eit offisielt ærend.

Abbeden fortel at ein av klosterbrørne (miniatyrmalaren Adelmo) ei natt rett før har styrta ned frå eit glas i Kolossen, og at vindauget vart lukka etter han. Dette er starten på kriminalmysteriet som er hovudhandlinga i boka. Abedden ber William undersøke kva som har hendt og gjev han frie hender, men han får ikkje gå inn i biblioteket.

Seinare treffer dei William sin gamle venn Ubertino av Casale, og vi får høyre at det skal vere eit viktig møte i klostret nokre dagar seinare. Vidare avslører Ubertino at han har søkt tilflukt i klostret frå religiøs forfølging, samen med tiggarmunken Salvatore og materialforvaltaren.

Botanikaren Severino, ymtar om at han kan lage hallusinasjonsskapande middel, og at den drepne Adelmo hadde eit spesielt forhold til bibliotekaren sin assistent Berengario.

På pulten til Adelmo i scriptoriet finn William og Adso uferdige manuskript og ei lita bok. Det er også tydeleg at skrivarmunkane er tyngte av ei merkeleg uro. Her møter dei Jorge frå Burgos. Han kjem med harde utfall mot humor og latter, som han meiner kan freiste dei kristne. Igjen kjem det påstandar frå Aristoteles-eksperten Venanzio om at det skal ha vore eit forhold mellom Adelmo og Berengario.

På slutten av dagen gjer William og Adso to vektige oppdagingar. Adelmo vart ikkje myrda, men gjorde sjølvmord ved å kaste seg ut frå den låge muren under Kolossen. Dessutan skjønnar dei at det må vere ein hemmeleg tunnel frå klosterkyrkja og inn i Kolossen.

Andre dagen, måndag[endre | endre wikiteksten]

Tidleg om morgonen blir Venanzio funnen død, dytta ned i ei tynne som slaktarane har fylt med griseblod. Adso oppdagar spor i snøen etter nokon som i løpet av natta har slept liket frå Kolossen til tynna.

Under dei påfølgjande avhøyra får William vite at det to dagar før Adelmo sin død hadde det vore ein oppheita diskusjon mellom Jorge og ein del yngre skrivarmunkar, kor ein mellom anna hadde referert til det tapte andre bindet av Poetikken av Aristoteles, som handlar om komedie og latter. Berengario hadde ymta om at det fanst noko spesielt i biblioteket, dette hadde vekt Adelmo og Venanzio si interesse.

Bencio fortel at Adelmo lét seg forføre av Berengario same natta som han døydde, dette gjorde han for å oppnå noko. Etterpå hadde Adelmo skrifta hos Jorge, og forlate han i djup fortviling for så å gjere sjølvmord.

Under eit nytt besøk i skriptoriet ser William og Adso ei gresk bok i Venanzio sin pult, men får ikkje høve til å undersøke ho. William gjev beskjed om at pulten ikkje må rørast.

Vi får vite meir om møtet som snart skal finne stad i klostret, det er meint som eit forsøk på mekling mellom pavestolen og fransiskanarordenen. William skal delta som keisaren sin utsending og han har ansvaret for å organisere møtet, mens pavens delegasjon har fått lov til å ta med soldatar.

Etter at dei andre har gått til ro for natta, klarer William og Adso å trengje inn i Kolossen via den hemmelege tunnelen frå kyrkja. I skriptoriet finn dei eit manuskript Venanzio etterlét, koda og delvis skriven med usynleg blekk. Den greske boka er fjerna frå pulten hans. Dei merkar at det også er ein annan inne på det forbodne området. Det er denne som har tatt boka og klarer å flykte med ho. Då dei etter det går opp i biblioteket, oppdagar dei at det er utforma som ein komplisert labyrint av små rom. Over kvar bogedør mellom romma står eit latinsk sitat frå Johannes' openberring. Det er svært vanskeleg å finne fram i labyrinten. For ytterlegare å verne biblioteket er det utplassert spegel som skremmer inntrengjarar og røykjelse med hallusinogen.

Då dei vender tilbake er Berengario forsvunnen.

Tredje dagen, tysdag[endre | endre wikiteksten]

Denne miniatyren frå siste del av 1500-talet viser ein skrivarmunk i arbeid

William klarer å dechiffrere linjene Venanzio skreiv med usynleg blekk. Han skjønnar ikkje innhaldet, men det dreier seg om finis Africae. Han og Adso klarer å lage eit kart over labyrinten basert på kva dei såg inni han og kva dei observerer frå utsida, og William skjønnar at første bokstav i sitata over dørene dannar ord når ein flyttar seg frå rom til rom.

Om kvelden fortel Ubertino Adso om Dolcino sitt opprør, og åtvarar han mot å la seg freiste av kjærleiken. Litt seinare snik Adso seg inn i den låste Kolossen og virrar rundt i biblioteklabyrinten. På veg ned igjen overraskar han ei ung jente frå landsbyen nedanfor klostret. Hun har fått mat som er stolen frå kjøkkenet. For ikkje å verte avslørt forførar hun Adso.

Dette var einaste gongen han hadde kroppsleg samkvem med ei kvinne («den slags hender ikkje ofte i livet, faktisk opplevde eg det berre denne einaste gongen»). Seksti år seinare skildrar skuldtung han det som skjedde med sitat frå Høgsongen og mellomalderens mystikarar. «Dette var nettopp eit teikn på, trur eg, korleis ekstasen opnar for djupet av eigen identitet».

Seinare på natta ymta oldingen Alinardo om at drapa er koreografert etter straffer skrivne i Johannes' openberring. Neste drap skal derfor ha med vatn å gjere. Adso og William oppsøkjer badet i klostret og finn der den døde Berengario i eit av kara.

Fjerde dagen, onsdag[endre | endre wikiteksten]

Tidleg om morgonen undersøkjer William og Severino liket av Berengario. William trur det var Berengario dei møtte i skriptoriet natta føre og at han tok med seg ei bok derifrå, men dei finn ho ikkje i sakene hans. Derimot oppdagar dei at Berengario har eit svart stoff på to av fingrane på høyre hand (det hadde liket av Venanzio òg) og på tunga, som sannsynlegvis er restar av ei farleg gift som vart stolen frå Severino sitt laboratorium fleire år tidlegare. William skjønnar framleis ikkje korleis dei har fått gifta i seg.

Salvatore og Remigio innrømmer overfor William at dei har vore med i opprørsrørsla til Dolcino, William lover å ikkje bringe dette vidare til inkvisisjonen. Remigio vedgår også at han hadde funne liket av Venanzio i kjøkkenet i Kolossen natta mellom søndag og måndag, men sidan han skulle treffe ei jente frå landsbyen der ulovleg, lét han berre liket liggje.

William greier å dechiffrere teksten Venanzio skreiv med vanleg blekk, truleg ei avskrift av boka som stadig forsvinn og alle er ute etter å finne.

I løpet av dagen kjem til delegasjonane frå pavestolen og fransiskanarordenen, som skal halde meklingsmøte i klostret. Delegasjon frå paven har med seg soldatar under kommando av Bernardo Gui, fransiskanarane har med seg sin ordensgeneral Michele av Cesena.

Kriminalmysteriet veks no i større monn enn det blir avklara: Alinardo fortel at ein bibliotekar var sendt til Silos i Spania før Malachia, og kom tilbake med «eit herleg bytte» av bøker, etterpå fekk han straffa av Gud ved å bli tatt «til skuggeverda før tida». Denne bibliotekaren skal også ha snakka språket til dei ikkje-truande, maurisk.

På kvelden går William og Adso på nytt inn i biblioteket. Denne gongen noterer dei første bokstaven i sitata over dørkvelvingane på kartet dei har laga, og oppdagar at labyrinten er organisert etter verdskartet. Bokstavane i rekkefølgje, rom etter rom, gjev område på dette kartet, og romma inneheld bøker frå dei gjevne områda. Dei oppdagar eit rom utan opning, og skjønnar at det er finis Africae. Dei finn ingen måte å komme inn dit på. Det er denne løyndommen Venanzio hadde notert med usynleg blekk, rettleiinga hadde han fått frå Adelmo som hadde fått den frå Belengario, men William skjønnar framleis ikkje meininga med det Venanzio skreiv.

Då dei kom ned frå biblioteket om natta, finn dei at Bernardo har arrestert jenta frå førre natt saman med Severino, ho hadde oppsøkt han for å bytte seksuelle tenester mot mat. Begge vert ført vekk til skjerpa forhøyr, Bernardo meiner ho er ei heks.

Femte dagen, torsdag[endre | endre wikiteksten]

Dagen startar med at dei to delegasjonane diskuterer apostolisk fattigdom. Diskusjonen utartar tidvis til slagsmål, mellom anna prøver ein biskop å rive skjegget av ein annan. Under møtet kontaktar Severino William og fortel at Berengario har plassert ei merkeleg bok i laboratoriet hans rett før han døydde, men innan møtet vert avslutta er Severino blitt drepen ved at hovudet hans blir kløyvd med eit astronomisk instrument. Boka som Severino fortalde han hadde funne er fjerna. Seinare finn Adso og William ut at Bencio har tatt ho med til cella si, og sidan levert ho til Malachia mot å få assistentstillinga til Berengario.

Under avhøyret røper Salvatore at han og Remigio har vore samen om ulovlege ting, derfor set dei pavelege soldatane også Remigio i arrest. Bernardo forhøyrer han og får han til å vedgå at han har vore ein tilhengjar av Dolcino. Vidare presser Bernardo Remigio til falsk vedgåing for drapa i klostret.

Om kvelden held Jorge ein dommedagstale, kor han hevdar at drapa i klostret har skjedd med godkjenning frå Gud, for å straffe munkane for deira intellektuelle hovmod. Menneskekunnskapen er allereie fullkomen, og det er derfor hovmodig å søkje ny kunnskap ved for eksempel å lese forbodne bøker frå biblioteket.

Sjette dagen, fredag[endre | endre wikiteksten]

I dette kapitlet nyttar Eco eit tradisjonelt grep frå kriminallitteraturen ved å kaste fram blindspor rett før oppklaringa: Kanskje morda er motivert i uvennskap mellom italienske og utanlandske munkar, eller kanskje brotsverka skuldast homofilt samkvem blant munkane?

Under morgonsongen fell Malachia om død med svart tunge og tre svarte fingrar på høgrehanda, han er etter alt å dømme også forgifta.

Nicola fortel at Malachia vart sett inn som bibliotekaren sin assistent femti år tidlegare, i staden for den langt meir egna Alinardo, og at Malachia lèt seg styre av Jorge. William går gjennom ein bibliotekkatalog og finn at den mystiske bibliotekaren dei høyrte om fjerde dagen var verva frå 1275 til 1285, i løpet av denne perioden var han svært aktiv med innkjøp av bøker. Det var altså han som tilsette Malachia.

På formiddagen dreg dei to delegasjonane frå klostret.

På ettermiddagen rår ei spent stemning i klostret, og Jorge er forsvunnen. Abbeden krev at William avsluttar etterforskinga og forlèt neste dag. Enda ein gong bruker Eco eit tradisjonelt grep frå kriminallitteraturen: Når etterforskaren finn ut for mykje, freistar oppdragsgjevaren å avslutte etterforskinga.

Endeleg skjønnar William oppskrifta Venanzio skreiv med usynleg blekk, for å komme inn i finis Africae. Seint om kvelden går han og Adso igjen opp i biblioteket. Dei høyrer at ein eller annan er blitt sperra inne i ein løynd gang i veggen. Ved å trykke på to bokstavar over eit spegel, opnar ein dør seg inn til det avlukka rommet.

Sjuande dagen , laurdag[endre | endre wikiteksten]

Inne i rommet sit Jorge, han har lurt abbeden inn i ein løyndegang i veggen der han omkjem av oksygenmangel. Det var Jorge som var bibliotekar tidlegare, men han måtte slutte då han vart blind. Etter det har han ofra seg til å forsvare løyndommane i biblioteket, mellom anna andre bindet av Aristoteles' Poetikken, som vart fjerna av Venanzio. Han hadde sett inn blada i denne boka med gift. Dei som kom i kontakt med ho (Venanzio, Berengario og Malachia) døydde etter ei stund av å ha slikka på fingrane for å bla. Berengario dytta den døde Venanzio opp i blodtynna i frykt for at hans eigne løyndommar skulle bli avslørte. Jorge hissa opp Malachia til å slå i hel Severino, som også hadde hand om boka. Abbeden trua med å opne biblioteket for alle munkane, derfor drap Jorge han. Det går ikkje klart fram kvifor Adelmo gjorde sjølvmord, med det har å gjere med skriftemålet han hadde hos Jorge og kva Jorge sa under det.

William og Jorge har ein siste diskusjon om latter, som klargjer forskjellen på personlegdommane deira. Jorge er styrt av frykt og er redd latteren kan rive ned dei «evige sanningar» og åtvarar også William mot han, medan han har ein heilt annan open og offensiv innstilling: «Eg ville kjempe. Eg ville sette alt mitt skarpsinn opp mot andres skarpsinn. Det kunne bli ei betre verd enn den der Bernardo Gui sin eld og glødande jern knuser Dolcino sin eld og glødande jern.»

Jorge drep seg sjølv ved å ete dei forgifta sidene i Poetikken. Før han døyr klarar han å sette fyr på biblioteket. Brannen spreier seg til heile klostret, som blir fullstendig øydelagt.

Dei siste sidene[endre | endre wikiteksten]

Etter at munkane har gravlagt dei døde frå brannen, forlèt alle det øydelagde klostret. William og Adso skil lag i München, langt seinare får Adso høyre at William døyde under Svartedauden. Som vaksen får Adso høve til å sjå klostret att, alt ligg nå i ruinar. Adso finn restar av manuskripta i biblioteket, som fragment av den store sanninga.

Sidetema[endre | endre wikiteksten]

Romanen inneheld fleire sidetema som i varierande grad er del i den sentrale kriminalforteljinga.

  • Eit viktig sidetema er konflikten mellom sensur og vitebegjær. Biblioteket er stengt for alle andre enn bibliotekaren, sidan det også inneheld ikkje-kristne og kjetterske bøker. Mange har kome langvegsfrå for å studere bøkene, men abbeden seier første dagen at «dei har ikkje høve til å gje etter for eit kva som helst vitebegjær dei måtte bli forgjort av på grunn av eigen veikskap, hovmod eller djevelsk tilskunding.» Jorge går enda lengre, i ei preike om kvelden femte dagen seier han at drapa skjer med Guds godkjenning, for å straffe munkane sine intellektuelle hovmod. William på den andre side seier (første dagen, vesper) «Eg ønskjer ikkje at ein skal hindre tilkomsten til vitskapen sine kjelder. Det står for meg som noko verkeleg gale. Eg meiner at den tenkjande og kunnskapsrike må ha rett til å trekkje fram frå det skjulte både det gode og det vonde.»
  • Eit anna motsetningsforhold som romanen tar opp er det mellom skeptisk logikk og inderleg religiøsitet. Det blir kasta lys over forholdet allereie i ein dialog mellom William og Ubertino første dagen (sext), der Ubertino begeistra snakkar om visjonar åt kvinnelege mystikarar og William repliserer at det minner han om andre kjensler («Ja, eg kjem no frå Oxford,» sa William, «der har vi enkelte andre røynsler med mysterium...»). Dette gjenspeglast òg i Jorge sitt hat mot Aristoteles, ein av dei store grunnleggjarne av logikken: «Kvar einskild bok av denne mannen har øydelagt noko av den kunnskapen som den kristne verda har samla opp gjennom hundreår....det skal ikkje meir til ein nokre kopiar av bøker om fysikk av filosofen, så heiter det straks om heile universet at det berre er noko som er av sleip og død materie» (sjuande dagen, natt). Williams standpunkt er det motsette: «Eg har aldri tvilt på at teikna er sanne, Adso, dei er det einaste faste menneskja har til hjelp når dei skal orientere seg i vår verd.»
  • Ein variant av denne motsetninga er den som gjeld humor og latter, kor Jorge og William representerer kvar si side. Jorge seier (andre dagen, ters): «Han som ler, trur ikkje på det han ler av, heller ikkje hatar han det. Det å le av det vonde, betyr derfor at ein ikkje er klar til å kjempe mot det.» Vidare seier han: «Latter er kjelde til tvil.» William ser det annleis: «Den som elskar menneskja, bør kanskje først og fremst ha ei bestemt plikt: å få sanninga til å le, for den einaste verkelege sanning er den du må lære deg å frigjere deg frå» (natta, sjuande dagen). Diskusjonen dreier seg også om Kristus nokon gong lo, her gjev William Jorge delvis rett med den underfundige kommentaren (andre dagen, kompletorium): «Eg trur ikkje han flirde. Han var Guds allvitande son og visste kva kristne kom til å finne på.»
  • Eco si omfattande skildring av striden om apostolisk fattigdom kan moglegvis skyldast interessa for frigjeringsteologi, som var stor då boka vart skriven [2]. Striden dreier seg prinsipielt om bruksrett kontra eigedomsrett, og om Kristus hadde eigedom (når det gjelder det siste har William som vanleg ei pragmatisk haldning: «Spørsmålet er då heller ikkje om Kristus var fattig, men om kyrkja bør vere det»). Grunnlaget for usemja er klart illustrert andre dagen (non), då abbeden gjer framlegg om pusse alle tinga av verd som er samla i klostret. Han snakkar begeistra om gullet og edelsteinane: «Andreas sa om korset på Golgata at det var smykka med Kristi lemmer, som med perler. Og med perler bør ein smykke dette audmjuke symbol på det store under. Sjølv om eg har funne det rettvist å felle inn den vakraste diamant som nokon har sett over hovudet til Frelsaren.» Adso talar om William sitt svar som «så fromt at eg gjekk ut frå at han nytta seg av den listige form som retorikarane kallar ironi
  • På første dag (ters) diskuterer Adso og William type/ting-problemet. På veg til klostret har dei sett spor etter ein hest, og Adso spør om spora fortalde om det var kva som helst hest eller ein spesiell hest. William hadde allereie tidlegare uttrykt skepsis til universelle idéar og vist stor respekt for det individuelle, nå svarar han: «Ganske visst kunne desse teikna bli oppfatta som om dei stamma frå ein kva som helst hest, slik du kan finne hestespor overalt. Men slik spora var akkurat der, og akkurat då, mente eg at dei kunne peike i ei sikker retning.»
  • Adso ser ofte på jordiske former som symbol på overjordiske ting. Då Adso kjem til klostret, blir han slått av den geometriske harmonien i klostertårnet og overfører det til at «det er fire evangelium, verda er delt inn i fem soner, gåvene frå Den heilage ande er sju» (første dagen, prim). Seinare same dagen (sext) blir Adso ståande og granske dei rike relieffa rundt kyrkjeportalen, dei fyller han med både visjonar og angst, og han skriv: «det hendte ofte i dagane som kom at eg vendte tilbake hit under portalen, eg var overtydd om at det eg gjennomlevde var det same som bildevisjonane fortalde.» William er meir skeptisk, andre dagen (matutin) seier han: «Men la oss ikkje gløyme at det ofte er teikn som ser ut til å bety noko, men som i røynda ikkje seier noko, til dømes reint vrøvl.»
  • Eco er opptatt av intertekstlege bindingar, og illustrerer det med ein dialog mellom William og Adso fjerde dagen (ters): «Skal ein lese andre bøker for å finne ut kva det står i ei spesiell? Ofte må ein det. Bøker talar ofte om andre bøker ... ikkje sjeldan snakkar bøker om bøker som om dei snakket med kvarandre.»
  • Kjettaropprøret leidd av broder Dolcino blir skildra frå ulike vinklar ved at fleire personar fortel om det. Ubertino talar om Dolcino nærast som ein djevel, og William kallar det «ei sørgjeleg historie. Du ville bli alvorleg skremt. I alle fall vart eg skremt» (andre dagen, prim). Remigio av Varagine, som hadde vore med i rørsla, gjev ei meir positiv skildring: «Før vi måtte nedverdige oss til å ete våre døde kameratar, dei som var falne under kampane, lenge før det døydde så mange at vi ikkje kunne greie å ete opp alle samen, vi berre kasta dei ned frå fjellet Rebello, til føde for rovdyr og fugl, men sjølv då pusta vi inn ei luft ... som smakte av ... kan eg kalle det fridom? Før visste eg ikkje kva fridom var» (fjerde dagen, prim).

Referansar og intertekstlege bindingar[endre | endre wikiteksten]

Rosens navn inneheld ei rekkje referansar til hendingar i moderne tid, og intertekstlege bindingar til seinare litteratur. Dette er noko Eco er opptatt av, ved at lesaren har gjort seg kjent med annan litteratur og historiske storhendingar opnar det seg nye lag i teksten:

  • William og Adso er ein opplagt referanse til Sherlock Holmes og Dr. Watson[3]. Rollene deira er dei same, William/Holmes er den geniale logikaren som etterkvart gjennomskodar alt, medan Adso/Watson er den noko naive og trufaste hjelparen som lærer smått om senn. Utsjånaden til William blir skildra på same måte som Holmes: Høg, mager og med krum nase. Mens Holmes brukte kokain og morfin, samlar William på ein plante som han tygger og som han meiner er upassande for Adso. Allereie i første kapitel klarer William å gje ei nøyaktig skildring av ein bortkommen hest berre ut frå overflatiske spor, akkurat slik Sherlock Holmes ville gjort det. Den klaraste referansen er likevel namna deira: Namnet William frå Baskerville peikar på Sherlock Holmes-romanen Hunden frå Baskerville, medan Adso eller Adson på italiensk blit uttalt «odsn», omtrent som Watson. Dessutan spelar handlinga i Rosens navn og Hunden frå Baskerville seg ut på same tid av året, nemleg i november.
  • Namnet til Adelmo frå Otranto kan referere til romanen Castle of Otranto (1764) av Horace Walpole, den første gotiske romanen. Eco bruker mange verkemiddel frå denne genren i Rosens navn: giftmord, likkjellarar og løynlege tunnelar.
  • Namnet til Malachia frå Hildesheim kan referere til profeten Malaki i Det gamle testamentet, noko som passar bra til Malachia sin dystre og alvorlege natur.
  • Namnet til Pietro frå Sant' Albano kan vere ein referanse til Pietro d'Abano.
  • Jorge frå Burgos er inspirert av Jorge Luis Borges, både når det gjeld namnet og ved at Borges var direktør for det argentinske nasjonalbiblioteket, tidleg blind og skreiv om labyrintar. Eco seier i Randbemerkninger: «Alle spør meg kvifor personen Jorge i min roman, namnet Jorge, manar fram namnet Borges, og kvifor Borges er så sint. Men det vet eg ikkje. Eg trengde ein blind som ein oppassar i eit bibliotek, og biblioteket pluss noko blindt kunne berre bli Borges, dessutan også fordi ein gjer opp skulda si.»
  • William blir tredje dagen (natt) sett på den feilaktige idéen at morda er koreografert etter bibelens apokalypse («ein eller annan med eit diabolsk sinn skulle ha brukt Apokalypsen som leiesnora si, ved å legge det opp til spådommar i Openberringa»). På dette tidspunktet er ikkje dette tilfelle, likevel leier den urette hypotesen til at William og Adso finn liket av Berengario i badet. Seinare tilpassar Jorge morda til hypotesen, så den blir sjølvoppfyllande: «På grunn av noko Alinardo sa var eg sikker på at alle brotsverka følgde mønsteret frå Apokalypsen, med dei sju støyta i basunane. Haggel for Adelmo, og det var sjølvmord. Blod for Venanzio, det var då også eit underleg påfunn av Berengario. Og for Berengario sjølv vart det vatn, det var slumpetreff. Tredjedelen av himmelen var for Severino, og Malachia trefte han med den armillarsfæren som var det næraste han kunne gripe til. Til slutt skorpionen for Malachia.»
  • Det finst berøringspunkt mellom romanen og Dantes Den guddommelege komedie. Utgreiing om plasseringa av klostret («mellom Lerici og Turbia») er eit sitat frå Den guddommelege komedie, og setninga «Eg skreik og fall som ein daud om på golvet» (tredje dagen, kompletorium), er eit sitat frå siste linje i song V frå Helvetet. Dessutan omtalar Dantes verk fleire av personane i romanen, som for eksempel Dolcino.
  • Metoden William bruker for å få oversikt over labyrinten i Kolossen, illustrerer Gødels ufullstendigheitsteorem om at eit lukka system ikkje kan provast ut frå seg sjølv. William skjøner at han må stå utanfor Kolossen for å få oversikt, innanfor er det ikkje mogleg: «Fordi slik kjenner Gud verda, fordi han såg verda i sin ande, før han skapte ho, som sett utanfrå. Mens vi som lever inni ho kjenner ikkje oppbygginga av ho» (tredje dagen, vesper).

Intertekstleg bruk av Rosens navn[endre | endre wikiteksten]

I romanen Francis Meyers lidenskap av Henrik H. Langeland skildrar han eit fiktivt foredrag av Eco i Universitetets Aula, der teksten er ei attgjeving av innhaldet i Randbemerkninger til Rosens navn.

Namnet åt romanen[endre | endre wikiteksten]

Fleirtydinga i er openberr, og Eco har sjølv ytra at «ein forfattar som har gjeve boka si tittelen Rosens navn må vere førebudd på å møte talrike tolkingar til tittelen.» [4]. Det har kome fleire forklaringsmodellar og referansar [5], til blant anna Pierre Abelard [6] som William Shakespeare [7]. Eco seier sjølv litt om den i Randbemerkninger til Rosens navn. Opphavleg hadde han tenkt på andre titlar, som Brotverket sitt kloster og Adso frå Melk. Han påstår at han kom til å bruke den endelege tittelen fordi omgrepet rose gjev lesaren mange rom for tolkingar. Romanen blir avslutta med eit sitat frå benediktinarmunken Berhard frå Morlas i det tolvte hundreåret: «Stat rosa pristina nomine, nomina nuda tenemus» («For den rosa som ein gong var, er berre eit namn, det vi har igjen er eit nakent namn»). Som semiotikar er han fengsla av at ting som har forsvunne eller aldri har eksistert, likevel kan leve ved namnet sitt, korleis dette vert reflektert i romanen lèt han att til lesaren å tolke.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Umberto Eco, Rosens navn Tiden Norsk Forlag (1984), omsett frå italiensk av Carsten Middelthon, ISBN 82-10-02718-2
  • Umberto Eco, Randbemerkninger til Rosens navn Tiden Norsk Forlag (1988), omsett frå italiensk av Carsten Middelthon, ISBN 82-10-03110-4
  • Dante Alighieri, Den guddommelege komedie Gyldendal (2000), gjendikta av Magnus Ulleland, ISBN 978-82-05-27516-4
  • Henrik H. Langeland, Francis Meyers lidenskap Tiden Norsk Forlag (2007), ISBN 978-82-05-37661-8
  • Rocco Capozzi, Palimpsests and Laughter: The Dialogical Pleasure of Unlimited Intertextuality in The Name of the Rose. Italica, Vol. 66, No. 4. (Winter, 1989), pp. 412-428. jstor
  • Steven Sallis, Naming the Rose: Readers and Codes in Umberto Eco's Novel. The Journal of the Midwest Modern Language Association, Vol. 19, No. 2. (Autumn, 1986), pp. 3-12. jstor

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David Richter i «The Mirrored World: Form and Ideology in Umberto Eco’s The Name of the Rose», sitert på novelguide.com er ein av fleire som drøfter dette resonnementet.
  2. Forholdet til frigjeringsteologi blir drøfta av John J. Burke Jr. i «The Romantic Window and the Postmodern Mirror: The Medieval Worlds of Sir Walter Scott and Umberto Eco,», sitert på novelguide.com
  3. Sambandet mellom William/Adso og Holmes/Watson blir drøfta på novelguide.com
  4. The Eleatic school
  5. Fleissner, Robert F.: A Rose by Another Name: A Survey of Literary Flora from Shakespeare to Eco, Locust Hill Literary Studies, No 5, Locust Hill Press, 1989. ISBN-10: 0933951337
  6. Umberto Eco's The Name of the Rose «Naturally, a Manuscript»
  7. What's in a name?/That which we call a rose/By any other name would smell as sweet. (William Shakespeare, Romeo og Julie, Akt II, scene ii, linjene 23-43)

Forfattarar i kjeldeartikkelen etter punkt 5. B i lisensen: