Roseolje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Roseolje av damascenar-rose (Rosa damascena) i glasflaske.

Roseolje (også kjend som attar) er ei flyktig olje laga av kronblad frå friske roser. Olja er lysegul på farge og kjenneteikna av ei sterk lukt som gjer at ho er mykje brukt i parfyme og liknande.

Samansetjing[endre | endre wikiteksten]

Roseolje består i hovudsak av geraniol, citronellol og fenyletylalkohol.

Rosevatn er eit biprodukt av roseoljeproduksjon.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Roseoljemaking på 1800-talet i Bulgaria.

Den største produsenten av roseolje er av Bulgaria, som står for rundt 70 % av verdsproduksjonen.[1] Småbønder i Kazanlak-distriktet i Rozovadalen står for det meste av rosedyrkinga i landet. Det finst også ein velutvikla roseoljeindustri i i Frankrike. Elles finst det også produksjon i Tyskland og fleire land i Nord-Afrika og Vest- og Sør-Asia.

Roseolje blir laga ved destillering og ekstraksjon av kronblad av visse rosetypar. Bulgarsk olje blir hovudsakleg laga av damascenar-rose (Rosa damascena). I Sør-Frankrike lager ein roseolje mest av centifolie-rose (Rosa centifolia) og hybridar av denne og mairose (Rosa gallica).

Det går som regel med mellom 4000 kg og 10 000 kg blomar til å laga 1 kg olje. Ettersom olja er kostbar, blir det også laga mange forfalskingar. Forfalska olje kan innehalda geraniumolje (rosengeraniumolje) og syntetiske aromastoff.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Roseolje

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bulgaria - U.S. Central Command Factbook