Roses

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roses
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Spania
Region Catalonia
Provins provinsen Girona
Del av Mancomunitat de Municipis Comunitat Turística de la Costa Brava, Mancomunitat del servei de control de mosquits a la badia de Roses i el Baix Ter, Q107554324, Q107554329
Høgd m
Areal 45,90 km²
Type Kommune
Folketal 20 140 (2023)
Postnummer 17480
Kart
Roses
42°15′48″N 3°10′30″E / 42.263333°N 3.175°E / 42.263333; 3.175
Wikimedia Commons: Roses, Girona
Nettstad: www.rosas.cat

Roses (spansk Rosas) er ein kommune i Alt Empordà i Catalonia i Spania. Han ligg ved kysten i nordenden av Rosesbukta og er ei viktig fiskehamn og eit turistsenter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd som ein gresk busetnad, truleg på 400-talet fvt. Ein kan framleis sjå restar av den greske busetnaden. Klosteret Santa Maria de Roses vart første gong nemnd i år 944 og styret vart delt mellom klosteret og grevskapet Empúries. I 1402 vart Empúries innlemma i krona Aragon og Roses vart ein eigen kommunen. På 1500-talet vart Roses fleire gonger råka av åtak frå sjørøvarar frå Nord-Afrika. For å stoppe dette gav Karl V ordre om å få bygd store festningsverk i byen. Dei neste hundreåra vart festningsverka grundig testa fleire gonger, to gonger av franskmennene, mellom anna under niårskrigen. I 1712, under den spanske arvefølgjekrigen, prøvde austerrikske soldatar å ta byen og i 1719, under kvadrupelalliansekrigen gjekk franskmennene igjen til åtak, men klarte ikkje å ta Roses.

Etter ein lang relativt roleg periode vart byen igjen angripen under dei franske revolusjonskrigane. Omleiringa av Roses varte frå 28. november 1794 fram til 3. februar 1795, då garnisonen vart trygt evakuert av ein spansk marineskvadron. Byen vart overgjeven til Frankrike, men vart gjeven attende til Spania etter Freden i Basle i juli 1795.

I 1808 tvinga keisar Napoleon I av Frankrike kong Karl IV av Spania og sonen Ferdinand til å abdisere, og sette i staden inn broren Joseph Bonaparte på trona. Då spanjolane gjorde opprør mot denne handlinga invaderte Frankrike land igjen i den spanske sjølvstendekrigen. Roses vart då kringsett for fjerde og siste gong. Då franskmennene i 1814 trekte seg ut av Spania sprengde dei festningsverka i byen i lag med Castell de la Trinitat som ligg like i nærleiken.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]