Freden i Roskilde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Roskilde-freden)
Sverige sine erobringar ved freden i Roskilde (gult, raudt, lil,la)

Freden i Roskilde er ei nemning på ei fredsavtale mellom Sverige og Danmark-Noreg. Den 26. februar 1658 vart avtala inngått i Roskilde. Kong Karl X Gustav av Sverige hadde frå Jylland gått over isen på Storebelt mot København med hæren sin. Freden var eit forsøk på å hindra eit totalt nederlag for Danmark-Noreg i Karl Gustav-krigen. Karl X Gustav var ikkje nøgd med avtala, og heldt same år fram med krigen heilt til han døydde i 1660. Freden i København den 27. mai 1660 stadfesta med enkelte endringar Roskilde-freden, men attendeførte Bornholm og Trondhjems len.

Sverige fekk ved freden i Roskilde Skåne, Blekinge, Halland (for godt, i freden i Brömsebro av 1645 hadde Sverige fått Halland i 30 år), Bohuslän, Bornholm og Trondhjems len.

Sverige sine erobringar ved freden i Roskilde, markert med grønt

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]