Ross Dependency

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Antarktis. Ross Dependency i raudt.

Ross Dependency er eit landområde i Antarktis definert av sektoren som strekkjer seg frå Sørpolen til 60° sør mellom lengdegradane 160° aust og 150° vest, og som endar ved. New Zealand gjorde formelt krav på området i 1923, då generalguvernøren av New Zealand vart utpeikt som guvernør av Ross Dependency med ein kongeleg resolusjon i London i Storbritannia. Dei fleste land i verda har ikkje anerkjent det newzealandske kravområdet i Antarktis, men etter at Antarktistraktaten tredde i kraft i 1961 slår første paragraf fast at «Avtalen ikkje anerkjenner, motstrider eller oppretter territoriale krav. Ingen nye krav kan heller fremjast så lenge avtalen er i kraft.»

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ross Dependency dekkjer 400 000-450 000 km². Området inkluderer Rosshavet, delar av Victoria Land, Rossøya, Balleny Islands, den vesle Scott Island og den isdekte Roosevelt Island.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området har namnet sitt etter sjøfararen James Clark Ross som oppdaga Victoria Land i 1841. Då oppdaginga vart gjort, proklamerte han at dette territoriet og havområdet rundt, skulle vera underlagt Storbritannia. I 1887 vart grensene for Ross Dependency definert av britiske styresmakter, og i 1923 vart landområdet formelt underlagt New Zealand. Sidan 1961 har området blitt verna av Antarktistraktaten.

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Det finst to forskingsstasjonar i området; Scott Base (New Zealand) og McMurdo Station (USA). Dessutan ligg Amundsen-Scott-basenden geografiske sørpolen dels innanfor grensene til Ross Dependency.

Italia driv forsking kvar sommar ved Zucchelli-stasjonen i Terra Nova Bay, og frå 1969 til 1995 dreiv New Zealand den sommaropne basen Vanda Station i McMurdo Dry Valleys-området.

Også Greenpeace har hatt ein forskingsbase i Ross Dependency; den fekk namnet World Park Base og var i drift frå 1987-1992 på Rossøya. Sidan denne ikkje var statstyrt var den offisielle grunnregelen til medlemslanda av Antarktisktraktaten at dei ikkje skulle gje støtte eller assistanse til basen.

Vanlegvis har ein rullebanar for fly i snøen i området, men det er sjølvsagt avhengig av vêret og årstida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 75°00′S 175°00′W