Rostov-na-Donu

Koordinatar: 47°14′N 39°43′E / 47.233°N 39.717°E / 47.233; 39.717
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rostov-na-Don)
Rostov-na-Donu
Ростов-на-Дону
Horisonten til Rostov-na-Donu
Horisonten til Rostov-na-Donu
Byåpenet til Rostov-na-Donu
Byvåpenet til Rostov-na-Donu


Plassering
Rostov-na-Donu is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Rostov oblast
Grunnlagd 1749
Geografi
Flatevidd
 - By

348 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

1 051 600
  3 021,8 /km²
Koordinatar 47°14′N 39°43′E / 47.233°N 39.717°E / 47.233; 39.717
Høgd over havet 70 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 344xxx
Retningsnummer (tlf) (+7)863
Bilnummer 61, 161
Nettstad: www.rostov-gorod.ru

Rostov-na-Donu (russisk Росто́в-на-Дону́, «Rostov ved Don») er den tiande største byen i Russland og hovudstaden i Rostov oblast og Det sørlege føderale distriktet. Byen ligg ved elva Don, berre 46 km frå Azovhavet. Byen har like over 1 million innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Munningen til Don har vore kommersielt og kulturelt viktig sidan antikken. Her låg ein gresk koloni kalla Tanais, det genuesiske fortet Tana og tyrkiske festninga Azov.

Rostov-na-Donu vart i røynda grunnlagd i 1749 som eit tollhus bygd ved Temernik (ei sideelv til Don) og like etter vart ei stor festning bygd. Han var kalla opp etter St. Dimitrij av Rostov, ein nyleg heilagkåra biskop frå den nordlege byen Rostov. Etter kvart som Azov gradvis forsvann voks det fram ein ny busetnad rundt festninga, som etter kvart tok over rolla som det største handelssenteret i regionen. I 1756 vart Det russiske handelsselskapet av Konstantinopel sett opp her, og dei oppretta ein busetnad ved Don kalla Kupetsjeskaja Sloboda. I 1796 fekk busetnaden byrettar og fekk namnet Rostov-na-Donu for å skilje han frå den opphavlege, nordlege byen.

Rostov oblast administrasjonsbygning
Ei fontene i Revolusjonsparken

Don er ei stor transportåre, som knyter sørvestlege delar av Russland til regionar lenger nord, og Rostov-na-Donu er ei viktig elvehamn for både passasjer- og godstrafikk. Med ei så bra geografisk plassering voks byen raskt. Som den mest industrialiserte byen i Sør-Russland kjempa Den kvite arméen og bolsjevikane om byen under den russiske borgarkrigen. I 1928 vart byen provinshovudstad etter at styresmaktene flytta frå den gamle kosakkiske hovudstaden Novotsjerkassk til Rostov, som òg voks saman med den armenske Nor Nakhijevan (i dag bydelane Nakhijevan, Proletarskij).

Under Sovjetunionen øydela bolsjevikane dei to største landemerka i Rostov, St. Aleksander Nevskij-katedralen (1908) og St. Georgij-katedralen i Nakitsjevan (1783-1807). Mykje av byen vart lagt i ruinar av tyske styrkar som okkuperte han to gonger, i 1941 og 1942. I dag er det største landemerket i sentrum den enorme kyrkja Jomfrufødselen (1860-87), teikna av Konstantin Thon.

Rostov-na-Donu har opplevd stor økonomisk vekst dei siste åra ettersom den nasjonale økonomien har betra seg. Mange selskap har hovudkvarter i byen, som i dag er eit senter for industri og teknologi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rostov-na-Donu