Rotaldo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rotaldo
Utspring Pizzo
- Høgd 264 moh
Munning Po nær Valmacca (provinsen Alessandria)
Land i nedslagsfelt Italia
Lengd 40 km
Middelvassføring 1,6 m²/s

Rotaldo er ei elv i Piemonte i Italia og ei av sideelvane til Po frå høgre med ei lengd på 40 km. Den øvre delen av elva vert kalla Laio. Det meste av elva ligg i provinsen Alessandria. Vassføringa i elva er sterkt avhengig av regnmengdene og i snitt er han på 1,6 m²/s.

Elva har sitt utspring som Laio nær Grazzano Badoglio i provinsen Asti, nær ei av kjeldene til Grana del Monferrato. I starten dannar ho ein boge gjennom åsane i Basso Monferrato, først sørvestover og så gradvis nordvestover. Ho renn gjennom kommunen Olivola og mellom Vignale Monferrato og Frassinello Monferrato. Nær Occimiano får ho namnet Rotaldo og renn ut på sletta Casale Monferrato der ho renn gjennom Borgo San Martino, Ticineto og Valmacca før ho munnar ut i Po ved Bozzole.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]