Rothschild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rothschild (òg stava: Rothchild) er eit etternamn og slektsnamn med opphav i tysk språklege område.

Namnet Rothschild skal tyda eit raudt skilt på eit hus. På mellomhøgtysk finn ein orda rōt «raud» + schilt «skilt» eller «skjold». Det tidlegaste dømet på bruk av namnet skal vera frå 1200-talet.

Den mest kjende slekta med dette namnet er Rothschild-familien (Mayer Amschel Rothschild-familien). Rotschild-familien er knytt til fleire føretak. Mellom anna banken N M Rothschild & Sons i London, de Rothschild Frères i Paris, S M von Rothschild i Wien) og vinmerket Château Mouton Rothschild. Château Lafite-Rothschild-familien tok namnet frå eit hus i den jødiske delen av Frankfurt am Main. I tillegg har namnet vorte nytta av mange askenasiske jødar, som ikkje er i slekt med sjølve Rotschild-familien:

I Storbritannia vert slektsnamnet gjerne uttala «Roth-child».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]