Rotte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rotter er ei gruppe gnagarar som ofte har spiss snute, utståande øyro og hårlaus hale. Dei er i slekt med mus, men er vanlegvis større.

Rotte vert brukt som samnemning for ei lang rekkje artar av gnagarar i mange familiar, først og fremst den største av alle pattedyrfamiliar, musefamilien, der vi finn til dømes brunrotte (Rattus norvegicus) og svartrotte (Rattus rattus) i slekta Rattus, men òg til dømes hamsterfamilien med bisamrotte, fjellrotte og jordrotte.

Rotter, særleg brunrotter, er blant dei verste skadedyra for menneske. Dei et eller øydelegg matvarer, dyrefôr, treverk, møblar, klede, emballasje, leidningar og vassrøyr, og dei overfører til dels svært alvorlege sjukdomar til både dyr og menneske. For mange symboliserer rotta vondskap, sjukdom og forrotning.

Rotter har skarpe tenner, som dei sliper kontinuerleg når dei gneg. I tillegg har dei særs sterk og rask kjevemuskulatur. Rotter kan bita omtrent seks gonger per sekund.