Rovdefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rovdefjorden sett frå ferja mellom Årvika og Koparneset

Rovdefjorden er ein 13 kilometer lang fjord på Sunnmøre. Han ligg i kommunane Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Volda. Fjorden ligg på sørsida av Gurskøya og nord for Rovdestranda.

I vest startar fjorden ved Syvdsnes og Støylane som ei fortsetjing av Hallefjorden. Vest for Syvdsnes strekkjer Syvdsfjorden seg sørover. Rovde ligg på sørsida av fjorden langs riksveg 652 som går her. I aust endar fjorden ved Yksnøya og Svinvikneset. På andre sida av Svinvikneset byrjar Voldsfjorden som strekkjer seg sørover. Rovdefjorden er ned til 501 m djup ved overgangen til Voldsfjorden.