Roxy & Elsewhere

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roxy & Elsewhere
Konsertalbum av Frank Zappa and The Mothers
Utgjeve 10. september 1974
Innspelt 10-12. desember 1973 + 8. og 11. mai 1974
Sjanger Jazzfusion, progressiv rock, hardrock
Lengd 68:04
Selskap DiscReet
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa and The Mothers-kronologi 
Apostrophe (')
(1974)
Roxy & Elsewhere One Size Fits All
(1975)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]
Robert ChristgauC+[2]
Rolling Stone(negativ)[3]

Roxy & Elsewhere er eit konsertalbum av Frank Zappa and The Mothers, som kom ut i 1974. Dei fleste av songane vart spelt inn ved The Roxy Theatre i Hollywood 8. til 10. desember 1973. Songane frå konsertane ved Roxy vart seinare endra litt i studio og fleire lydspor vart lagt til, medan «Elsewhere»-songane (andre stader) («Son of Orange County» & «More Trouble Every Day») vart spelte inn 8. mai 1974 ved Edinboro State College i Edinboro i Pennsylvania (og delar av «Son of Orange County») den 11. mai 1974, ved Auditorium Theatre i Chicago. Desse inneheld ikkje endringar i studio.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Albumet vert rekna som eit høgdepunkt for ein av dei mest anerkjende inkarnasjonane av the Mothers. Det inneheld ei rekkj særs utfordrande instrumentalar, som «Echidna's Arf (Of You)», «Don't You Ever Wash That Thing?» og opningstemaet på «Be-Bop Tango (of the Old Jazzmen's Church)». Det består òg av «Cheepnis», Zappa si hyllest til lågbudsjettsmonsterfilmar, og omarbeidingar av tidlegare songar som «More Trouble Every Day» og «Son of Orange County» (utdrag frå songen «Oh No» med ein lang gitarsolo). «Village of the Sun» er om Sun Village i California, eit utanforliggande område nær Palmdale, og refererer òg til Lancaster i California, tvillingbyen til Palmdale og heimstaden til Zappa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Albumet består av av innspelingar frå tre konsertar i Roxy Theater i Hollywood av songar som ikkje kom ut på studioalbum. Zappa la derimot til ekstra lydspor i studio på konsertopptaka. Dei andre songane kom frå den andre konserten på morsdag 1974 i Chicago Auditorium Theatre og 8. mai i Edinboro State College (òg 1974).

Opningssporet, «Penguin in Bondage» er klipt saman frå opptaka frå Roxy og Chicago. Gitarsoloen på «Son of Orange County» er ein av få gitarsoloar av Zappa som vart redigert saman frå meir enn ein konsert, i dette tilfellet Edinboro og Chicago.

Somme av dei unytta opptaka frå Roxy-konsertane finst på piratkopiplater, i tillegg til heile Edinboro-konserten. Andre opptak vart gjevne ut på Volum 1 og 3 av serien You Can't Do That On Stage Anymore. Ein kan òg høyre Zappa nevne at konsertane vart filma og at publikum ikkje må bli skremd av dei store kameraa, men opptaka er ikkje gjevne ut.

Ein firekanals kvadrofonisk versjon av albumet vart førebudd og reklamert for, men aldri gjeve ut.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle spora er spelt inn på the Roxy, utanom «Son of Orange County», «More Trouble Every Day» og delar av «Penguin in Bondage».

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Penguin in Bondage»6:48
2.«Pygmy Twylyte»2:13
3.«Dummy Up» (Brock, Simmons, and Zappa)6:02
Side to
Nr.TittelLengd
4.«Village of the Sun»4:17
5.«Echidna's Arf (Of You)»3:52
6.«Don't You Ever Wash That Thing?»9:40
Side tre
Nr.TittelLengd
7.«Cheepnis»6:33
8.«Son of Orange County»5:53
9.«More Trouble Every Day»6:00
Side fire
Nr.TittelLengd
10.«Be-Bop Tango (Of the Old Jazzmen's Church)»16:41

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Stephen Marcussen – digital remastering
  • Kerry McNabb – lydteknikar, remiksing
  • Wally Heider – lydteknikar
  • Coy Featherston, Steve Magedoff – fotografi
  • Cal Schenkel – grafisk design, design

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1974 Pop Albums 27[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Couture, F. (2011). «Roxy & Elsewhere - Frank Zappa & the Mothers | AllMusic». allmusic.com. Henta 5. juni 2014. 
  2. Christgau, R. (2011). «Robert Christgau: CG: Artist 4155». robertchristgau.com. Henta 5. juni 2014. 
  3. Niester, Alan (2011). «Roxy Elsewhere by Frank Zappa | Rolling Stone Music | Music Reviews». rollingstone.com. Henta 5. juni 2014. 
  4. «Salslister and Awards for Roxy & Elsewhere». Allmusic. Henta 7. juni 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]