Roy Clapham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arthur Roy Clapham (24. mai 190418. desember 1990) var ein britisk botanikar. Han føreslo termen «økosystem» etter spørsmål frå Arthur Tansley i 1930-åra.

Etter utdanning var Downing College i Cambridge arbeidde Clapham ei tid ved Rothamsted Experimental Station før han underviste i botanikk ved universitetet i Oxford. Han var professor i botanikk ved Universitetet i Sheffield frå 1944 til 1969. Han var medforfattar av plantehandboka Flora of the British Isles som kom ut i 1952 med to seinare utgåver i 1963 og 1987.

Clapham var president for Linnean Society frå 1967 til 1970, og fekk deira Linnean Medal i 1972.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]