Royal Festival Hall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Royal Festival Hall

Royal Festival Hall er ein konsertsal, dansesal og foredragssenter i Southbank Centre i London. Det ligg på South Bank ved Themsen, ikkje langt fra Hungerford Bridge. Bygningen er verna (Grade I); den vart i april 1988 den fyrste etterkrigsbygningen som fekk ein slik status.

Grunnsteinen vart lagt ned av dåverande premierminister Clement Attlee i 1949, på staden der Lion Brewery hadde stått sidan 1837. Han vart bygd av Londons grevskapsråd i samband med Festival of Britain, og vart offisielt opna 3. mai 1951.

Designet er modernistisk, og hovudarkitekten Hugh Casson valte å berre bruke unge arkitektar på prosjektet. Leslie Martin, Peter Moro og Robert Matthew frå LCC utførte teikningane.

I 1964 vart bygningen kraftig endra ved at innganghaller og terrassar vart lagt til mot elva, og fleire omkledningsrom blei lagt til på baksida. Dette endra stilen frå skandinavisk modernisme til ein reinare stil med hardare liner. Det opphavlege inngangspartiet vart mykje endra.

Sidan 1980-årea har inngangssalen vore open for publikum også når det ikkje er konsertar. Han har vorte eit av dei mest populære offentlege rom i London, med god beskyttelse mot det britiske regnvêret.

Det er 2 900 sete i sjølve salen, og i tillegg 917 i Queen Elizabeth Hall og 370 i Purcell Room.

Royal Festival Hall var arena då Storbritannia arrangerte Eurovision Song Contest 1960.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Royal Festival Hall
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk