Royal Tunbridge Wells

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Royal Tunbridge Wells

The Pantiles, det historiske senteret og turistsenteret i byen.
The Pantiles, det historiske senteret og turistsenteret i byen.
Plassering
Royal Tunbridge Wells is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Kent
Distrikt Tunbridge Wells
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

61 402
Koordinatar 51°8′″N 0°16′″EKoordinatar: 51°8′″N 0°16′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer TN1 - 4
Telefon-retningsnummer 01892
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Royal Tunbridge Wells

Tunbridge Wells (offisielt Royal Tunbridge Wells) er ein by i området Weald i Kent i England, rett nord for grensa til East Sussex. Han har omkring 60 000 innbyggjarar, og er administrasjonssenter for distriktet Tunbridge Wells.

I likskap med resten av distriktet er han delt inn i kretsar (wards). Det er åtte slike kretsar eller bydelar: Culverden, Pantiles, St. Markers, Park, Rusthall, Sherwood, St. James' og St. Johns.

Kjelda som gav byen namneleddet Wells eksisterer enno i bydelen Pantiles. Ho er ei chalybeate-kjelde, med vatn som har høgt jarninnhald. Kjelda vart oppdaga i 1606 av Lord North, som høyrde til hoffet til Jakob I. Han gav ho namn etter den nærliggande byen Tonbridge, som den gong vart stava Tunbridge. Dette har sidan vore ei stadig kjelde til forvirring, spesielt for reisande på jernbanelinja mellom London og Hastings der stasjonsnamna er til forvirring like.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]