Ruby Tuesday
| «Ruby Tuesday» Singel av The Rolling Stones frå albumet Between the Buttons (amerikansk utgåve) |
||
| A-side | «Let’s Spend the Night Together» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 13. januar 1967 | |
| Innspelt | 8. november–3. desember 1966 | |
| Sjanger | Pop | |
| Lengd | 3:32 | |
| Selskap | Decca/ABKCO | |
| Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
| Produsent | Andrew Loog Oldham | |
| The Rolling Stones-kronologi | ||
| «Have You Seen Your Mother, Baby, Standing in the Shadow?» (1966) |
«Ruby Tuesday» | «We Love You»/«Dandelion» (1967) |
| «Ruby Tuesday» Singel av The Rolling Stones frå albumet Flashpoint |
||
| Utgjeve | 24. mai 1991 | |
| Lengd | 3:34 | |
| Selskap | Rolling Stones/Virgin | |
| Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
|---|---|---|
| Produsent | Chris Kimsey og The Glimmer Twins |
|
| The Rolling Stones-kronologi | ||
| «Highwire» (1991) |
«Ruby Tuesday» | «Love Is Strong» (1994) |
«Ruby Tuesday» er ein song av The Rolling Stones frå 1967. Songen vart gjeve ut på singel og gjekk til topps på den amerikanske singellista og til tredjeplassen i Storbritannia.
Innhaldsliste |
Musikk og inspirasjon [endre]
Multiinstrumentalist Brian Jones spelte blokkfløyte, medan Bill Wyman og Keith Richards ståbass. Jack Nitzsche spelar piano.[1]
I følgje Keith Richards i 1971 skreiv han songen på eit hotellrom i Los Angeles tidleg i 1966 om ein groupie han kjende;[2], men han har òg sagt at songen handlar om Linda Keith, ein kjæraste han hadde på midten av 60-talet.[1] Songteksten omhandlar ei frilynt kvinne med Jagger som syng «Who could hang a name on you?/When you change with every new day/Still I'm gonna miss you.»
Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 303. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene. Songtittelen har gjeve namn til ein restaurantkjede med same namn.
Ei konsertutgåve frå Steel Wheels/Urban Jungle-turneen vart gjeve ut på konsertalbumet Flashpoint i 1991.
Andre utgåver [endre]
Av andre artistar som har spelt songen finn ein Melanie Safka, Nazareth, Don Williams, Julian Lennon, Rod Stewart, Emiliana Torrini, Nena og The Corrs.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ruby Tuesday» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Ian McPherson. Track Talk: Ruby Tuesday.
- ↑ Robert Greenfield (19. august 1971) «The Rolling Stone Interview: Keith Richards» – Rolling Stone.