Rudolf Diels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rudolf Diels

Fødd16. desember 1900
Berghausen
Død18. november 1957 (56 år)
Statsborgar avTyskland
PartiNSDAP
Yrkeembetsmann, administrative lawyer, Medarbeider i gestapo
InstitusjonarGestapo
Fristaten Preussen
BarnCorinna Genest
MedlemSS
Alle verv
  • regjeringspresident (Regierungsbezirk Köln, 1934–1936)
  • regjeringspresident (Regierungsbezirk Hannover, 1936–1941)
  • Oberregierungsrat Sjå dette på Wikidata
Gestapo-inspektøren Rudolf Diels talar til ei gruppe politiske fangar i konsentrasjonsleiren Esterwegen i samband med at dei får amnesti til jul 1933.
Foto: Deutsches Bundesarchiv

Rudolf Diels (16. desember 190018. november 1957) var ein tysk politikar. Han var sjef for Gestapo i det nazistiske Tyskland frå 1933 til 1934.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Rudolf Diels var bondeson, fødd i Berghaus i Taunus i Hessen i Tyskland. Han tok abitur i Wiesbaden i 1917 og melde så seg som frivillig til krigsteneste i den tyske hæren i slutten av Den fyrste verdskrigen. Ved slutten til krigen hadde han teneste i ei fjernmeldeeining i Haguenau i Alsace.

Deretter studerte han jus ved universitetet i Marburg.

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter bestått første juridiske eksamen i 1920 var Diels regjeringsreferendar i Kassel. Han avla andre statseksamen i 1924, og hadde så stillingar som regjeringsassessor i Neuruppin, Teltow og Peine.

Han vart tilsett i det prøyssiske innanriksministeriet i 1930 og vart raskt forfremja til rådgjevar med ansvar for undertrykkinga av dei politiske radikale gruppene (Dezernent zur Bekämpfung der kommunistischen Bewegung) i den politiske avdelinga til politiet. Same året gifta han seg med Hildegard Mannesmann.

Karriere hans skaut fart hjelpa av hans eiga kløktige manøvrering. Diels sørgde for at gruppa rundt Franz von Papen og Kurt von Schleicher fekk informasjon om ei samtale mellom statssekretær Wilhelm Abegg (Diels sin føresette) og KPD-politikarane Wilhelm Kasper og Ernst Torgler. Desse informasjonane – som gav att samtalane i forvrengd form og som òg vart tilsend pressa – skulle leggja grunnlaget for påstandar om at den prøyssiske regjeringa konspirerte med kommunistane, og vart eit bra påskot for innsettinga av ein rikskommisar i Preussen.

I august 1932 vart Diels forfremma til Oberregierungsrat – ein slik post til ein såpass ung mann var uvanleg, og ved utnemnings vart fleire eldre og meir erfarne gått forbi. Same året overtok Diels leiinga av den politiske avdelinga til det prøyssiske politiet. Frå 1930 stod Diels allereie i kontakt med Franz von Papen og med nasjonalsosialistene, og i slutten av 1932 knytte han direkte kontakt med Hermann Göring, som han gav informasjon om kommunistar og sosialdemokratar.

Under nazitida[endre | endre wikiteksten]

Etter den nasjonalsosialistiske maktovertakinga i januar 1933 vart Diels sjef for det prøyssiske politiet i Berlin.

Då Hermann Göring vart statsminister i Preussen utnemnde han Diels til sjef for det nye prøyssiske statspolitiet, fyrst kalla departement 1A, seinare gjort om til Gestapo. Gestapo hadde ansvaret for dei politiske fangane, og etter riksdagsbrannen hadde han ei sentral rolle som hovudutspørjar av den seinare dødsdømde Marinus van der Lubbe som fekk skulda for brannen.

Heinrich Himmler overtok ansvaret for Gestapo, vart Diels fråtekem stillinga og vart i staden regjeringspresident i Köln fram til 1936, då han kom i konflikt med Gauleiter Josef Terboven og vart overført til ein tilsvarande posisjon i Hannover frå 1936 til 1944. Diels var ein kontroversiell person under det nasjonalsosialistiske styret, og vart fleire gonger redda av Hermann Göring. I 1940 nekta han å arrestera jødar og i 1943 fekk han problem med Gestapo og vart arrestert to gonger i 1944 (om våren og i november).

Etter andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Diels vart arrestert og internert 3. mai 1945. Frå hausten 1945 til sommaren 1947 fungerte han som vitne under Nürnbergprosessen. I 1949 publiserte han sjølvbiografien Lucifer ante Portas: Es spricht der erste Chef der Gestapo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lucifer Ante Portas: Von Severing bis Heydrich, memoara til Diels, kom ut i 1950