Rudolf Diesel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rudolf Diesel

Rudolf Christian Karl Diesel (18. mars 185829. september 1913) var ein tysk ingeniør og oppfinnar. Diesel er kjend for oppfinninga av dieselmotoren. Drivstoffet diesel er oppkalla etter han.

Diesel vart fødd i Paris i Frankrike. Foreldra var tyske innvandrarar som stamma frå Bayern. Omstenda kring korleis han døydde er uklåre. Diesel forsvann frå postbåten «Dresden» under ei overfart frå Antwerpen til Harwich.

Diesel hadde si utdanning frå Königlich Bayerische Technische Hochschule München, den polytekniske høgskulen i München. Etter utdanninga byrja han å arbeida med kjøleskap, men fekk mest interesse for forbrenningsmotorar.

Diesel er kjend for dieselmotoren som han fekk to patent på i 1893, med forbrenningskammer i ein sylinder. Fram til vart motoren vidareutvikla og sett i produksjon. Før han fekk motoren produksjonsklar vart Diesel nesten drepen, då ein motor eksploderte.

Dieselmotoren skilde seg frå andre forbrenningsmotorar ved at kompresjonen, og difor temperaturen i brennkammret, var så høg at drivstoffet sjølvtente når det vart sprøyta inn. Det var difor ikkje bruk for tennplugg eller glødehovud. Namnet han sjølv brukte på denne motoren var oljemotor, og modellen han synte fram på verdsutstillinga i Paris i 1900 brukte peanøttolje som drivstoff.