Rudolf E. Peierls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rudolf Peierls, 1937

Rudolf E. Peierls (fødd 5. juni 1907 i Berlin, død 19. september 1995 i Oxford, England) var ein tysk-født britisk fysikar.

Rudolf Peierls hadde ei viktig rolle i det kjernefysiske programmet til Storbritannia, men han hadde òg ei rolle i mange moderne vitskaplege program. Han studerte på eit Rockefeller-stipend ved Cambridge UniversityAdolf Hitler kom til makta i heimlandet Tyskland. Han fekk løyve til å bli verande i Storbritannia og han arbeidde i Manchester med ein organisasjon for flyktningar. I 1963 byrja han som professor ved University of Oxford.

Peierls pensjonerte seg frå stillinga si ved Oxford University i 1974. Han skreiv fleire bøker, inkludert Quantum Theory of Solids, The Laws of Nature (1955), Overraskelser i Teoretisk fysikk (1979), oppfølgjaren, Flere overraskelser i Teoretisk fysikk (1991) og sjølvbiografien sin, Bird of Passage (1985). Peierls vart utnemnt til kommandør i Order of British Empire i 1945 og vart adla i 1968. Han vart tildelt Lorentzmedaljen i 1962, og i 1980 mottok han Enrico Fermi Award frå styresmaktene i USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]