Rudolf Hess

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rudolf Hess i 1945.
Rudolf Hess i fremste rekkja mellom Hermann Göring heilt ytst og Joachim von Ribbentrop. Frå Nürnbergprosessen etter krigen.

Rudolf Walter Richard Heß (26. april 189417. august 1987), kjend som Rudolf Hess, var ein tysk, nazistisk politikar. Han vart privatsekretær for Adolf Hitler i 1925 og var frå den nazistiske maktovertakinga i 1933 minister og deretter avløysar for Hitler, formelt sett nummer tre i Det tredje riket etter Hermann Göring. I 1941 flaug Hess åleine til Skottland i eit forsøk på å forhandla fram fred med Storbritannia, men blei i staden arrestert og seinare dømt til fengsel på livstid i Nürnberg.

Vegen til NSDAP[endre | endre wikiteksten]

Hess var fødd i Alexandria i Egypt i 1894. Faren Fritz H. Hess var ein tysk forretningsmann medan mora kom frå den gresk-egyptiske Georgiadis-familien. Familien flytta til Tyskland i 1908, og Rudolf Hess blei send på kostskule. Femten år gamal reiste han til München der han studerte statsvitskap, historie, økonomi og geopolitikk. I Munchen vart han ven med professor i geopolitikk Karl Haushofer som skal ha påverka Hess politisk og ideologisk.

I byrjinga av fyrste verdskrigen melde Hess seg som friviljug til det bayerske artilleriet, der han viste entusiasme og framgang, han vart visekorporal og løytnant og fekk Jarnkrossen av andre klasse. Men Hess vart òg skadd to gonger, fyrste gongen i juni 1916 av granatsplinter og andre gongen i juli 1917 av ei kule som råka venstre lunga. Etter sjukehusopphald fekk han, etter to forsøk, plass i flyvåpnet, men oppnådde aldri å fullfre utdanninga der. Det tyske luftartilleriet hadde fått fleire nederlag, og vart tvunge til å gi etter. 18. desember 1918 vart Hess sendt vekk frå det militære og til Reicholdsgrün.

Hess likte dårleg resultatet av krigsoppgjeret i 1918, og kom på denne tida i kontakt med Thuleselskapet i München. Mest kvar einaste adelsmann i selskapet vart avretta i den kortliva sosialistiske republikken i Bayern det året. Hess vende seg mot ei høgreekstrem gruppe som i lag med den tyske armeen inntok München 3. mai.

Hess slutta seg til NSDAP 1. juli 1920 som medlem nummer 16. Ei fyrste oppgåve var å verve studentar til medlemer til SA. Den 9. november 1923 deltok Hess i Hitlers ølkjellarkupp i München. Kuppet vart slege ned, og Hess vart i lag med Hitler dømd til fengsel. Han sona i festninga Landsberg am Lech der han skreiv ned Mein Kampf etter diktat frå Hitler.

Etter Hess kom ut av fengsel i desember 1924 var han ein kort periode assistent ved universitetet i München før han i april 1925 vart Hitlers privatsekretær. Hess hadde mellom anna som oppgåve å leie ulike kampanjar for NSDAP og han skulle mekle i konfliktar mellom partimedlemer. Hess hadde òg graden Obergruppenführer i SS.

Ved maktovertakinga til Hitler 1. desember 1933 vart Hess utnemnd til minister utan portefølje.

I siste halvdelen av 1930-talet vart Hess meir marginalisert innanfor nazi-rørsla. Hess og Hitler glei etter kvart meir frå kvarandre, og at Hermann Göring 1. september 1939 vart utnemnd til nestkommanderande, tydde òg at Hess ikkje lenger var Hitlers høgre hand. Etter at Hess hadde floge til Storbritannia, erklærte Adolf Hitler Hess for sinnssjuk og kalla han landssvikar.

Flukt til Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Flyet Hess flaug til Skottland.

Rudolf Hess flaug 10. mai 1941 til Skottland, visstnok for å få i stand ein fredsavtale mellom Storbritannia og Tyskland. Der vart han teken til fange av britane som gjorde omfattande forhøyr av han. Sidan Hess den seinare tida hadde vorte halden utanfor mykje av den militære strategien, hadde han ikkje så mykje informasjon å gi britane.

Fangenskap og død[endre | endre wikiteksten]

Hess vart halden som fange i mellom anna Tower of London inntil han i 1946 vart dømd til livsvarig fengsel, og halden fanga saman med seks andre NS-toppar i det allierte Spandau-fengslet i Berlin. I og med at Hess hadde sete i britisk forvaring under nesten heile krigen, vart det ikkje påvist deltaking i krigsbrotsverk eller i brotsverk mot menneskeætta. Han vart derimot dømd for brotsverk mot fred og for konspirasjonar for å gjere brotsverk. Frå og med 1966 sat han som einaste fange i Spandau-fengslet, dei siste åra sterkt fysisk svekt, ettersom Sovjetunionen la ned veto mot lauslating. Framståande tyske konservative politikarar engasjerte seg gjennom fleire tiår for Hess, og tala om ei umenneskeleg handsaming. Den britiske sjefsaktoren under Nürnbergprosessen, Hartley Shawcross, tala om «ein skandale», og Winston Churchill skreiv i boka The Grand Alliance i 1950 at han var glad det ikkje var han som var ansvarleg for dette.

Hess vart isolert i fengslet. For at han ikkje skulle ha nokon å snakke med, var det i mange år ein arabar som ikkje snakka nokon europeiske språk som var den einaste som hadde direkte kontakt med han. Det fangevaktarane gløymde var at Hess var oppvaksen i Egypt og snakka flytande arabisk. Frå 1969, då Hess vart sjuk ein periode, aksepterte han at familien kom på vitjing. Frå då av fekk han 232 vitjingar frå medlemer av familien.

I løpet av 1987 kom det signal frå sovjetstyresmaktene om at dei var budde på å revurdere standpunktet sitt med omsyn til Hess. Det skjedde likevel ikkje noko før Hess 17. august 1987 vart funnen i eit uthus i hagen i Spandau-fengslet, med ein elektrisk leidning rundt halsen. Denne dagen, klokka 18.35 fekk son til Hess, Wolf Rüdiger, denne meldinga frå den amerikanske direktøren ved Spandau-fengslet, Darold W. Keane: «I am authorized to inform you that your father expired today at 4:10 p.m. I am not authorized to give you any further details». Den offisielle obduksjonen fastslo dødssårsaka som sjølvmord; Hess var kvelt ved henging.

Denne dødårsaka vart ikkje godteken av familien til Hess, som meinte at han var for skrøpeleg til å knyte ei løkke sjølv (han trong t.d. hjelp til å knyte skolissene) og gjennomføre eit slikt sjølvmord. Dei fekk arrangert ein ny obduksjon som på ein del punkt motsa den fyrste obduksjonen. Samstundes fastslo òg den andre obduksjonen at det var gjennom kveling Hess hadde døydd. Obduksjonen kunne såleis ikkje brukast som motprov på at sjølvmord var dødsårsaka. Sonen til Rudolf Hess, arkitekten Wolf Rüdiger Hess, var nazistisk sympatisør, og hevda likevel til sin død i 2001 at far hans vart myrda av britiske Special Air Service. Det vert peikt på at Hess sommaren 1987 sende inn ei skriftleg klage til fengselsleiinga på ein amerikansk fangevaktar, Anthony Jordan. Hess hevda at Jordan oppførte seg så trugande at han frykta for livet sitt. Denne mannen var åleine om å halde oppsyn med Hess den føremiddagen han vart funnen død. Eit anna moment er at under utgreiinga om Hess-saka vitna sjukepleiaren til Hess, Abdullah Melaouhi, og hevda å ha sett to medlemer av Special Air Service kledde i uniform, på veg til fengslet for å kvele Hess. Denne påstanden har vorte tilbakevist av Al Ahuja, eit av Special Air Service-medlemene. Seinare avsløringar frå britiske arkiv har derimot ikkje avdekt noko som tyder på at det var interesse for at Hess skulle døy. Framleis vert sjølvmord verande den offisielle dødsårsaka.

Mental helse[endre | endre wikiteksten]

Under Nürnbergprosessen 1945-1946 gjorde Hess eit forvirrande inntrykk, ikkje minst ved at han skal ha hugsa så dårleg, og somme påstod at han var sinnsjuk. Denne oppfatninga hadde elles vorte spreidd i Tyskland gjennom Hitlers karakterisering av Hess etter at Hess flaug til Storbritannia. To veker etter at rettssaka i Nürnberg tok til, sa så Hess at hans såkalla minnetap var taktisk. Han la vidare til at han ikkje angra noko på tida med Hitler og NSDAP. Psykiateren ved fengslet i Nürnberg, Douglas M. Kelley, meinte på si side at Hess var emosjonelt umogen, innovervendt og draumande. Kley meinte at Hess ikkje var i stand til å fatte alvoret i saka. Domstolen fastslo at det ikkje var noko som tyda på at Hess ikkje var ved sine fulle sansar få han gjorde dei brotsverka han vart dømd for.

Psykiatrikern John «Jack» Rawlings Rees (1890-1969) meinte att Hess ikkje var sinnsjuk, men at han leid av depresjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rudolf Hess

Litteratur

  • Bird, Eugene K., Fången i Spandau: historien om Rudolf Hess. Stockholm: Norstedt 1975.
  • Davidson, Eugene, The Trial of the Germans. New York 1967.
  • Hess, Wolf Rüdiger, Mord an Rudolf Hess?: der geheimnisvolle Tod meines Vaters in Spandau. Leoni am Starnberger See: Druffel 1990.
  • Kelley, Douglas M., 22 celler i Nürnberg. Stockholm: Natur och kultur 1948.
  • Seidl, Alfred, Der Fall Rudolf Hess 1941-1987: Dokumentation des Verteidigers. München: Universitas 1988.