Rudolf Steinerskolen i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rudolf Steinerskolen i Oslo (RSiO) er ein steinerskule som ligg i Flyveien 2 på Hovseter i Oslo. Skulen er privat med offentleg stønad, organisert som ei stifting, til liks med andre steinerskular, og tilbyr eit pedagogiske alternativ til den offentlege skulen, med komplett barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule. Dei om lag 550 elevane kjem frå heile Oslo-området.

Rudolf Steinerskolen i Oslo er den eldste steinerskulen i Noreg, og mellom dei eldste steinerskulane i verda. Skulen vart skipa 1. september 1926 med tolv elevar på tre klassesteg etter at ei gruppe hadde arbeidd med skuleplanane sidan november 1921, inspirert av to pedagogiske foredrag som Rudolf Steiner hadde helde i Nobelinstituttet i Oslo. Ein av dei som tok del i arbeidet var Bokken Lasson, som òg vart ein av dei fyrste lærarane.

Til å byrje med hadde skulen tilhald i Oscars gate på Frogner i Oslo. I 1932 var talet på elevar auka til 102. Men økonomiske problem gjorde at skulen vart lagt ned i 1936. Ved at ein liten steinerskule vart drive av Vult Simon og Gulle Brun i deira heim på Makrellbekken i Oslo, vart steinerpedagogikken halde i hevd. Hausten 1945 kunne steinerskulen i Oslo reetablerast i ei brakke i Frognerparken, i 1949 vart skulen flytta til Smestad i Oslo, og i 1962 til den noverande adressa på Hovseter. Skulen tok til med gymnasklasser (vidaregåande klassesteg) i 1978.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Internettsida for Rudolf Steinerskolen i Oslo