Rudolph Tegner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rudolph Tegner
Statsborgarskap Danmark
Fødd 12. juli 1873
København
Død

5. juni 1950 (76 år)

Yrke bilethoggar, sjølvbiograf
Far Jørgen Henry August Tegner
Rudolph Tegner på Commons

Rudolph Tegner (fødd 12. juli 1873 i København, død 5. juni 1950 i Esbønderup)[1] var ein dansk skulptør (bilethoggar), som i første halvpart av 1900-åra var sterkt omdiskutert og møtte stor motstand i heimlandet, men etter kvart kunne hauste heider og ros utanlands, særleg i Frankrike. Han var son av Signe Elisabeth Puggaard og premierløjtnant, kammerjunker, grosserer og bankdirektør Jørgen Henry August Tegner, og gift i 1911 med kunstmålaren Elna Jørgensen (1889 – 1976), som vart hans viktigaste støttespelar livet gjennom.

Tegners kunstinteresse og talent for å skape skulptur vart vekt då han som 15-åring kom i kontakt med den antikke kulturen under ei vitjing på Akropolis i Aten i Hellas, og den antikke verda skulle komme til å engasjere og oppta han i hele hans kunstnariske arbeid. Han fekk kunstutdanninga si på Det Kongelige Danske Kunstakademi i København, som han fullførte på 2½ år av di han var så teknisk dyktig. Deretter budde han i Paris i fire år, der han han hadde eit lite atelier, og var saman med andre danske kunstnarar, mellom andre bilethoggararen og keramikaren Niels Hansen Jacobsen (1861-1941), bilethoggaren Jens Lund (1873-1946) og kunstmålar og bilethoggar med meire J.F. Willumsen. I Paris vart han kjent med symbolistisk kunst og art nouveau. Seinare vitja han Italia og let seg imponere av Michelangelos verk Dag og natt og Morgen og kveld, som etter hans syn var «gigantiske i Form og Udtryk, tungt hvilende i deres Marmorpragt».

Sejren frå 1921/1925

Rudolph Tegners skulpturar er særs iaugefallande ved sine monumentale former, og provoserte i si tid på grunn av sin storleik og ofte teatralske uttrykk. Han vart møtt med forvirring og motstand i den danske kunstverda, og måtte tole ei offentlig merksemd som skulle komme til å prege heile hans kunstneriske virke. Men han henta seg ny styrke og inspirasjon ved å reise i Hellas, Italia, Spania, Nære Austen, Nord-Afrika og Frankrike mellom dei slaga han måtte utkjempe heime.

I 1898 fekk Rudolph Tegner seg eit atelier på Lemchesvej 6 i Hellerup, som mora hans finansierte oppføringa av. Der budde han saman med systra si, Signe, frå 1904 og fram til han og Elna gifta seg i 1911. Frå 1926 og fram til Tegner døydde, budde ekteparet i eit hus i Meudon utanfor Paris i Frankrike, der Tegner òg hadde atelier.

I 1916 kjøpte Rudolph Tegner det særeigne naturområdet i Rusland ved Dronningmølle mellom Hornbæk og Gilleleje på nordkysten av Sjælland i Danmark. Her fekk han oppførte sit eige museum og mausoleum, Tegners Museum og Statuepark, planlagt av han sjølv, opna i 1938, og seinare overdrege til det offentlege.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Tegners Museum og Statuepark

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]