Rudshøgda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rudshøgda stoppestad.
Sveinhaug, Mikkel/Hedmarksmuseet (1915)
Rudshøgda stasjon.
Foto: Prestkværn, Håkon/Hedmarksmuseet

Rudshøgda er ei bygd midt mellom Brumunddal og Moelv i Ringsaker kommune i Hedmark fylke. Staden har sidan 1980-talet endra seg frå å vere eit skogsområde til eit industri- og handelsområde. Rudshøgda ligg mellom dei tre mjøsbyane Hamar, Gjøvik og Lillehammer.

Rudshøgda er óg kjend for å vere heimstaden til Alf Prøysen, med Prøysenstua og Prøysenhuset som turistattraksjonar. Frå 1915 til 1994 var Rudshøgda tilknytta jernbanenettet gjennom Rudshøgda stasjon.