Rudyard Kipling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rudyard Kipling
Rudyard Kipling by Sir Philip Burne-Jones 1899.jpeg
Kipling måla av Philip Burne-Jones
Nasjonalitet Britisk
Fødd 30. desember 1865, Bombay i Britisk India
Død 18. januar 1936, London i England
Yrke Journalist, forfattar
Påverka Robert A. Heinlein, Jorge Luis Borges, H. Rider Haggard
Sjanger reiseskildring, barnelitteratur, fabelprosa
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1907

Joseph Rudyard Kipling (30. desember 186518. januar 1936) var ein britisk forfattar. Han er kjend for barnebøker som Jungelboka (1894), Kim (1901) og Just So Stories (1902), dikt som «If—» og «The White Man's Burden», og fleire noveller frå Britisk India, og skreiv også reportasjar og reiseskildringar. Kipling blei tildelt Nobelprisen i litteratur i 1907 som den fyrste engelskspråklege og den yngste nokonsinne. Han blei også tilbode britiske riddarordenar og stillinga som Poet Laureate (statsdiktar), noko han takka nei til.

Kipling var svært godt likt for dikta og forteljingane sine i si levetid, men blei mot slutten av tida for Det britiske imperiet sett på som meir av ein «profet for britisk imperialisme».[1] Mange av verka hans blei sett på som unødig brutale og fordomsfulle. Barnelitteraturen har derimot overlevd og vidareført til nye medium som film og fjernsyn, til dømes Mowgli og Rikki-Tikki-Tavi frå Jungelboka og guteboka Kim.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

(ufullstendig)

  • The Story of the Gadsbys (1888)
  • Plain Tales from the Hills (1888)
  • The Phantom Rickshaw and other Eerie Tales (1888)
  • The Light That Failed (1890)
  • Mandalay (1890) (dikt)
  • Gunga Din (1890) (dikt)
  • The Jungle Book (1894) (forteljingar)
  • The Second Jungle Book (1895) (forteljingar)
  • If— (1895) (dikt)
  • Captains Courageous (1897)
  • The Day's Work (1898)
  • Stalky & Co. (1899)
  • Kim (1901)
  • Just So Stories (1902)
  • Puck of Pook's Hill (1906)
  • Life's Handicap (1915) (noveller)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «He was the prophet of British Imperialism in its expansionist phase ». George Orwell, «Rudyard Kipling».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rudyard Kipling

Ressursar

Arbeid av Kipling på nettet