Rueil-Malmaison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rueil-Malmaison
Château de Malmaison
Château de Malmaison
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Hauts-de-Seine
Geografi
Flatevidd
 - By

14,7 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

76 700
  5 218/km²
Koordinatar 48°52′39″N 02°10′45″EKoordinatar: 48°52′39″N 02°10′45″E
Diverse anna
Heimeside: www.mairie-rueilmalmaison.fr

Rueil-Malmaison er ein kommune og by i dei vestlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 12,6 km frå Paris sentrum i departementet Hauts-de-Seine, og har eit folketal på like over 75 000 innbyggjarar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Rueil-Malmaison vart opphavleg berre kalla Rueil. I mellomalderen vart namnet skrive anten som Roialum, Riogilum, Rotoialum, Ruolium eller Ruellium. Dette namnet kjem frå det keltiske ordet ialo (som tyder «lysning i skog»), som er ordstamma til det latinske ordet rivus, som tyder «elv, bekk».

I 1928 fekk kommunen namnet Rueil-Malmaison, etter den mest vidkjende turisttraksjonen i byen, Chateau de Malmaison, bustad for Napoléon si første kone Joséphine de Beauharnais.

Namnet Malmaison kjem frå det mellomalderlatinske ordet mala mansio, som tyder «ugunstig område» eller «eigedom med ulykke». Tidleg i mellomalderen var Malmaison ein kongeleg residens som vart øydelagd av vikingar i 846, og derfor namnet

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rueil er kjend for Chateau de Malmaison der Napoleon og den første kona hans, Joséphine de Beauharnais, budde. Då ho døydde i 1814 vart ho gravlagd i nærleiken ved kyrkja St. Pierre og St. Paul, som ligg i sentrum av byen.

Rueil-kasernene til den sveitsiske garden vart konstruert i 1756 under Louis XV av arkitekten Axel Guillaumot, og har vore rekna som eit historisk monument sidan 1973. Garden vart oppretta av Louis XIII i 1616 og massakrert ved Tuileries 10. august 1792.

Under den fransk-prøyssiske krigen i 1870 låg Rueil på frontlinja.

Mot slutten av 1800-talet var vidkjende målarar som Auguste Renoir, Edouard Manet og Claude Monet i byen for å måle Seinen, som renn gjennom byen.