Rufabgo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rufabgo
elv
Fossen Pevitsjia Kosa
Land  Russland
Lengd 17 km
Munning Belaja
Kart
Rufabgo
44°15′41″N 40°09′58″E / 44.2613889°N 40.16611112°E / 44.2613889; 40.16611112
Wikimedia Commons: Rufabgo River

Rufabgo (russisk Большой Руфабго; adygeisk бешеный, Besjenyj eller строптивый, Stroptivyj) er ei elv i Adygia i Russland og ei av sideelvane til Belaja. Elva inneheld minst 15 fossar av ulik storleik, ein av dei, Pevitsjia Kosa, har eit fall på 30 meter.

Tre kilometer opp i elva er det funne spor frå både paleolittiske busetnader og busetnader frå seinmellomalderen.

Elva renn gjennom ein dal med bøkeskog og er berre om lag 17 km lang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]