Rug
| Rug | ||
| Systematikk | ||
| Orden: | Poales | |
| Familie: | Poaceae Grasfamilien | |
| Underfamilie: | Pooideae | |
| Slekt: | Secale | |
| Art: | S. cereale | |
| Vitskapleg namn | ||
| Secale cereale
M.Bieb
|
||
Rug er eit kornslag med noko avlange, grågrøne eller lett grålege korn. Mjøl av rug er grått. Rug er tyngre enn kveite og hine kornslaga.
Rug er eit eittårig gras med flate, doggute blad og aks i to rekkjer.
Rug vert nytta til bakverk – m.a. med surdeig – og i produksjon av vodka og whiskey.
Innhaldsliste |
Rugdyrking i verda [endre]
Rug vart fyrst dyrka i Anatolia for kring 8000 år sidan. Sidan breidde rug seg til Europa som ugras. Frå jarnalderen vart rug nytta av germanske, slaviske og keltiske folkegrupper i Europa. Rundt 80 prosent av dyrkingsarealet for rug finst i eit sandjordbelte frå Nederland, over nordlege delen av Tyskland, Polen, Baltikum og inn i Russland. Rug er viktigaste kornarten her på grunn av tørkestyrken. Avlinga er om lag 30 millionar tonn i året.
Rugdyrking i Noreg [endre]
Rug vart fyrst dyrka i Noreg kring år 400 i Rogaland. På slutten av 1800-talet vart rug vanlegare i Noreg. I 1907 var det 150 000 dekar med rug i Noreg.
Namnet rug [endre]
Kornnamnet rug finn ein att i germanske, baltiske og slaviske mål, soleis t.d. rugỹs på litauisk, рожь på russisk og rye på engelsk. Desse har opphav i ein indoeuropéisk stomn rugiz og kan koma av rota reg- «retta seg opp» eller rota reug- «rjuka», som båe fortel om særlege kjenneteikn ved rugen i høve til anna korn.
Kjelder [endre]
- Thorgeir Holm: «Leivar frå soga um rugbraudet og rygene» i Norsk Årbok 2008